Semestre
PPUD-PED2 Pedagogikk 2
Pedagogikk PPUD – PED2 består av 15 stp. og byggjer på emne PPUD - PED1 Innhaldet i dette emnet er strukturert i fire modular:
- Mangfald og inkludering
- Læringsleiing
- Sosialisering og oppvekst
- Skulen og samfunnet
I tillegg til desse fire modulane, er vurdering, tilpassa opplæring og elevkunnskap gjennomgåande tema i heile emnet. Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap om og ferdigheiter i kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (2015) og Nasjonale retningsliner for praktisk pedagogisk utdanning- allmennfag (2017). Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om:
- samanhengar mellom individuelle, sosiale og kulturelle faktorar i arbeidet med tilpassa og inkluderande opplæring
- sentrale styringsdokument for skulen si verksemd
- mangfaldet i elevgruppa sine lære- og utviklingsføresetnader
- leiing av elevar sine læringsprosessar og korleis ein kan fremje sjølvregulert læring
- kommunikasjon og korleis ein som lærar kan byggje relasjonar til enkeltelevar, elevgrupper, foreldre og øvrige samarbeidsinstansar for skuleverket.
- barne- og ungdomskultur, og barn og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og flerkulturelle kontekstar, herunder samisk kultur.
- nasjonalt (og internasjonalt) forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen
- skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og det heilskaplege opplæringslaupet
- faktorar som bidreg til fråfall i vidaregåande opplæring
- lov og planverk med relevans for skulen
Studenten skal kunne:
- orientere seg i faglitteraturen og stille seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teori med relevans for lærarprofesjonen.
- bygge relasjonar, kommunisere og samarbeide med elevar, føresette, kollegaer og andre tilsette ved skulen.
- kunne arbeide proaktivt og systematisk med å byggje læringsmiljøet
- bruke og vise til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjeve val og gjennomføre systematisk fagleg og pedagogisk utviklingsarbeid.
Studenten kan:
- analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule-, arbeids- og samfunnsliv
- bidra til analyse og diskusjon av utdanningspolitiske spørsmål og formål, ideologiar og praksisar i utvikling av demokratiske samfunn, lokalt og globalt.
Emnet er organisert gjennom samlingar lagt til enten Volda, Ålesund eller Molde. Undervisnings- og arbeidmåtane i studiet er ein kombinasjon av førelesningar, gruppearbeid, individuelt arbeid og munnleg og digital dialog/presentasjon i plenum. Sjølvstudium er ein viktig del av læringsarbeidet, og det er tilrådd jamt arbeid gjennom heile semesteret, der ein arbeider med undervisningstema både i for- og etterkant av førelesningar.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet. Ein viser elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. om obligatorisk frammøte/deltaking i undervisninga, der det står at ein krev 80% frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning i eit emne. Fråvær utover 20 % kan såleis medføre tap av eksamensrett . Det er studenten sitt eige ansvar å halde seg oppdatert om fråveret. Det er viktig å merke seg at denne orienteringa vert rekna som tilstrekkeleg varsel om at enkeltvedtak kan bli fatta om tap av eksamensrett.
Arbeidskrav:
- Prosjektplan knytt til semesteroppgåve.
- Presentasjon av semesteroppgåve.
Vurdering: Godkjend/ ikkje godkjend. Alle arbeidskrava må vere godkjende for å kunne gå opp til eksamen. Arbeidskrava har til hensikt å støtte studentane i deira læringsprosessar, gjennom rettleiing og øving i munnlege, skriftlege og digitale uttrykksformer.
For å kunne gå opp til eksamen må PPUD-PRA1 og PPUD-PRA2 vere fullført og bestått.
- Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Semesteroppgåve. Eit tverrfagleg utvilingsprosjekt. Studenten vel sjølv problemstilling for oppgåva. | 4000 ord (+/- 10%) | |||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |