Semestre
PPUD-PED2 Pedagogikk 2
Pedagogikk PPUD – PED2 består av 15 stp. og byggjer på emne PPUD - PED1. Innhaldet i dette emnet er strukturert i fire modular:
- Mangfald og inkludering
- Læringsleiing
- Sosialisering og oppvekst
- Skulen og samfunnet
I tillegg til desse fire modulane, er vurdering, tilpassa opplæring og elevkunnskap gjennomgåande tema i heile emnet. Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap om og ferdigheiter i kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (2015) og Nasjonale retningsliner for praktisk pedagogisk utdanning- allmennfag (2017). Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha kunnskap om:
- kommunikasjon og korleis ein som lærar kan byggje relasjonar til enkeltelevar og elevgrupper
- barne- og ungdomskultur, og barn og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og flerkulturelle kontekstar, herunder samisk kultur.
- faktorar som bidreg til fråfall i vidaregåande opplæring
- mangfaldet i elevgruppa sine lære- og utviklingsføresetnader
- samanhengar mellom individuelle, sosiale og kulturelle faktorar i arbeidet med tilpassa og inkluderande opplæring
- kommunikasjon med foreldre og øvrige samarbeidsinstansar for skuleverket
- teoretiske perspektiv på danning, utvikling og læring
- sentrale styringsdokument for skulen si verksemd, inklusiv lov og planverk med relevans for skulen
- skulen sitt verdigrunnlag, mandat og styringsdokument for skulen sitt heilskaplege opplæringslaupet
Studenten skal kunne:
- bruke og vise til relevant pedagogisk teori og forsking for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk fagleg utviklingsarbeid
- planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap
Studenten kan:
- analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule, arbeids- og samfunnsliv.
- kan formidle pedagogiske og fagdidaktiske problemstillinga på høgt nivå har kunnskap om sentrale problemstillingar i utdanningsforsking.
- kan reise problemstillingar, undersøke og drøfte disse gjennom teoretisk og empirisk kunnskap og kan medverke til utvikling og endring av eigen praksis.
- kjenne relevante styringsokument som overordna del av læreplanen
Generelt
Emnet er samlingsbasert. Arbeidsformene i studiet blir ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum, sjølvstudium og dialog i plenum. Gjennom studiet vert det lagt vekt på at kunnskap er eit resultat av både teoretisk studie og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervising og praksis, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.
Ein del av undervisninga kan bli gjennomført digitalt. Studenten må difor ha tilgjenge egna utstyr med internett, kamera, høgtalar/headset og mikrofon.
Studentane skal bli organisert i faste læringsgrupper som nyttast gjennom året. Samansetninga av gruppene blir bestemt av emneansvarleg på PPUD-PED2.
Det kan leggast opp til gruppearbeid eller individuelt arbeid mot slutten av kvar modul det studentane samanfattar det sentrale innhaldet i kvar av dei.
Frammøte
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet dersom ikkje anna er opplyst. Det visast elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.
For å framstille seg til eksamen må følgjande vere oppfylt:
- Minimum 80% frammøte
- Alle arbeidskrav godkjende
- Praksisemnet godkjend
Arbeidskrav:
- Prosjektplan knytt til semesteroppgåve, 1500-2000 ord.
- Arbeidskrav i modulen Mangfald og inkludering eller Læringsleiing
- Munnleg presentasjon av semesteroppgåve.
- Arbeidskrav om praksiserfaringar knytt til modulen Sosialisering og oppvekst eller Skulen og samfunnet
Arbeidskrav 2 og 4 kan ha ulike former: munnleg framlegg i læringsgruppa (10-15 minutt), kort videopresentasjon og «omvendt klasserom»-plan. Det vil variere kva arbeidskravform som blir knytt til kva modul. Emneansvarleg skal organisere dette. Studentane skal ta del i å gi tilbakemelding til kvarandre i arbeidskrav 2, 3 og 4.
- Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Semesteroppgåve. Studenten vel sjølv problemstilling for oppgåva innanfor det som er innhaldet/pensum i emnet. | 4000 ord (+/- 10%) | |||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |