Semestre
PPUD-PED2 Pedagogikk 2
Pedagogikk PPUD – PED2 består av 15 stp. og byggjer på emne PPUD - PED1. Innhaldet i dette emnet er strukturert i fire modular:
Spesialpedagogikk og inkludering
Sosialisering og oppvekst
Skulen og samfunnet
Læraren som profesjonsutøver
I tillegg til desse fire modulane, er vurdering, tilpassa opplæring og elevkunnskap gjennomgåande tema i heile emnet. Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap om og ferdigheiter i kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning (2015) og Nasjonale retningsliner for praktisk pedagogisk utdanning- allmennfag (2017). Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten har kunnskap om:
- samanhengar mellom individuelle, sosiale og kulturelle faktorar i arbeidet med tilpassa og inkluderande opplæring
- mangfaldet i elevgruppa sine lære- og utviklingsføresetnader
- teoretiske perspektiv på danning, utvikling og læring.
- kommunikasjon med foreldre og øvrige samarbeidsinstansar for skuleverket.
- barne- og ungdomskultur, og barn og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og flerkulturelle kontekstar, herunder samisk kultur.
- faktorar som bidreg til fråfall i vidaregåande opplæring
- skulen sitt verdigrunnlag, mandat og styringsdokument for skulen sitt heilskaplege opplæringsløp.
- sentrale styringsdokument for skulen si verksemd, inklusiv lov og planverk med relevans for skulen.
- lærarprofesjonalitet og yrkesetiske utfordringar.
- nasjonalt (og internasjonalt) forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen
- relevante styringsokument som til dømes Overordna del av læreplanverket
Kandidaten kan
- orientere seg i faglitteraturen og stille seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teori med relevans for lærarprofesjonen. L
- arbeide proaktivt og systematisk med å byggje eit inkluderande fellesskap som fremjar trivsel og læring for alle
- bygge relasjonar, kommunisere og samarbeide med elevar, føresette, kollegaer og andre tilsette ved skulen.
Kandidaten har kompetanse i å::
- analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule, arbeids- og samfunnsliv.
- formidle pedagogiske problemstillingar
- reise problemstillingar, undersøke og drøfte desse gjennom teoretisk og empirisk kunnskap og medverke til utvikling og endring av eigen praksis.
- kjenne
Generelt
Emnet er samlingsbasert. Arbeidsformene i studiet blir ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum, sjølvstudium og dialog i plenum. Gjennom studiet vert det lagt vekt på at kunnskap er eit resultat av både teoretisk studie og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervising og praksis, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.
Ein del av undervisninga kan bli gjennomført digitalt. Studenten må difor ha tilgjenge egna utstyr med internett, kamera, høgtalar/headset og mikrofon.
Studentane skal bli organisert i faste læringsgrupper som nyttast gjennom året. Samansetninga av gruppene blir bestemt av emneansvarleg på PPUD-PED2.
Det kan leggast opp til gruppearbeid eller individuelt arbeid mot slutten av kvar modul det studentane samanfattar det sentrale innhaldet i kvar av dei.
Frammøte
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet dersom ikkje anna er opplyst. Det visast elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.
Arbeidskrav
Arbeidskrav i modulen Spesialpedagogikk og inkludering eller Sosialisering og oppvekst
Prosjektplan knytt til semesteroppgåve, 1500-2000 ord.
Munnleg presentasjon av semesteroppgåve.
Arbeidskrav om praksiserfaringar knytt til modulen Skulen og samfunnet. eller Læraren som profesjonsutøvar
Arbeidskrava innan modulane kan ha ulike former: munnleg framlegg i læringsgruppa (10-15 minutt), kort videopresentasjon og «omvendt klasserom»-plan. Det vil variere kva arbeidskravform som blir knytt til kva modul. Emneansvarleg skal organisere dette. Det kan bli lagt opp til at studentane gir tilbakemelding til kvarandre i nokre av arbeidskrava.
Hensikta med arbeidskrava er både å dokumentere forståing av dei pedagogikkfaglege tema, og å få praktisk trening i skriftleg framstilling, munnleg framstilling, kollegial vegleiing, digitale ferdigheiter og undervisningsplanlegging. Dette er alle sentrale lærarprofesjonelle ferdigheiter.
Vurdering: Godkjend/ ikkje godkjend.
For å framstille seg til eksamen må følgjande vere oppfylt:
Minimum 80% frammøte
Alle arbeidskrav godkjende
Praksisemnet godkjend
- Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Semesteroppgåve. Studenten vel sjølv problemstilling for oppgåva innanfor det som er innhaldet/pensum i emnet. | 4000 ord (+/- 10%) | |||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |