Semesters

PPUD-PRA1 Praksis 1

Course code: 
PPUD-PRA1
Duration: 
2 semesters
Credits (ECTS): 
0
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2023 Autumn
2024 Spring
Assessment semester: 
2024 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

I praksisperioden skal studenten ta over undervisninga i fleire klassar og delta i anna relevant lærararbeid som til dømes vurdering av elevarbeid, møteverksemd ved skulen og vakt og tilsynsoppgåver i løpet av skulekvardagen. Formålet med praksis for studenten er difor både å vere i ein skulekvardag som lærar, og å få praktisk erfaring med korleis ein arbeidar som lærar.  

Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert, og praksisskulen er ein læringsarena på lik linje med opplæringa ved høgskulen. Studenten skal i praksisperioden kunne nytte seg av innhald og arbeidsmåtar frå undervisninga i pedagogikk og fagdidaktikk.  

Praksisemne 1 har hovudfokus på lærarrolla og læraren sine oppgåver i skulen. Studenten skal få erfaring med og innspel frå praksislærar på korleis tilrettelegge fagleg innhald som fremmar gode læringsprosessar. Studenten bør også få ei første erfaring med formativ og summativ vurdering.  

I undervisninga ved høgskulen før praksisperioden vert det lagt vekt på: 

  • lærarrolla 

  • undervisningsplanlegging 

  • klasseleiing 

  • motivasjon 

  • tilpassa opplæring 

  • grunnleggande ferdigheiter 

Kravet til kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse er aukande i løpet av praksisemne 1 og 2.  Læringsutbytteskildringa vil difor vere litt ulik for praksisemne 1 og 2, men emna bygg på kvarandre.  

Praksisplanen byggjer på Forskrift om rammeplanen for praktisk-pedagogisk utdanning. Omfanget av praksis i studiet er minimum 60 arbeidsdagar, fordelt med 30 dagar på kvart av dei to praksisemna.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Kandidaten:

  • har kunnskap om læraren sine roller, oppgåver og ansvar i opplæringa. 
  • har kunnskap om samspel mellom elevar, mellom elevar og lærar, og om klasseleiing,  
  • har kunnskap om tilrettelegging for læring og bruk av relevante læreprosessar, arbeidsmåtar, læremiddel og vurderingsformer i fag. 
Learning outcome skills

Kandidaten:

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere opplæring . 
  • kan planlegge og gjennomføre praktisk og variert undervisning med utgangspunkt i nasjonale og lokale styringsdokument, og basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap. 
  • kan bruke den didaktiske relasjonsmodellen som utgangspunkt for undervisninga. 
  • kan reflektere over undervisning med utgangspunkt i systematisk observasjon som metode. 
  • kan gi læringsfremmande tilbakemeldingar. 
  • kan variere og grunngje eit utval undervisningsmetodar og samhandle med elevar og kollegaer. 
  • kan med utgangspunkt i faglitteraturen og eigne erfaringar utvikle gode strategiar for relasjonsbygging til elevar og kollegaer. 
Learning outcome qualification

Kandidaten:

  • kan kommunisere godt munnleg og skriftleg med elevar og andre i skulesamfunnet. 
  • kan bygge gode relasjonar, kommunisere og samarbeide med elever og kollegaer. 
  • delta aktivt i rettleiing i praksis og nytte tilbakemeldingar til eigen utvikling. 
  • er medviten dei profesjonsetiske krava og forventningar som ligg til ei lærarstilling.  

 

Working and learning activities

Studenten skal gjennom studiet ha praksis både på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. Studentar med fagbakgrunn i fellesfaga bør ha praksis på ulike utdanningsprogram. I praksisemne 1 har studenten 2 dagar observasjonspraksis og 28 dagar undervisningspraksis. I praksis skal studenten følgje praksislærar og skulen si arbeidstidsorganisering. Det betyr at studenten skal ha arbeidsdagar som ein lærar i full stilling. I arbeidsdagen inngår undervisning, førebuing, vurderingsarbeid, møte- og samarbeidstid samt tid til fagleg utvikling. 

Praksislærar/rettleiaren si hovudoppgåve er å: 

  • legge til rette for studenten sin praksis 
  • lage plan for praksisperioden saman med studenten  
  • gi rettleiing og tilbakemelding til studenten på korleis vedkommande kan utvikle seg i høve læringsutbytteformuleringar for praksis. 

Det vert orientert meir detaljert rundt praksisorganisering og gjennomføring på www.hivolda.no/ppu  

Som sluttvurdering skal praksisrettleiar gi ei skriftleg individuell vurdering med karakteren stått/ikkje stått. Vurderinga vert gitt med grunnlag i læringsutbytte og vurderingskriterier for praksisperioden. Studenten skal legge sluttvurdering frå første praksisperiode fram for praksislærar i forkant av andre praksisperiode. Ved tvil om studenten skal stå skal emneansvarleg for praksis ved HVO koplast inn så snart som råd.  Den endelege vurderinga vert gjort av praksisansvarleg i samråd med praksislærar og praksisskulerektor. 

Assessment requirements

Det er krav om 30 dagar frammøte.

 

Evaluation system
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Carien Lærum
Used in other programs
  • Professional Teacher Qualification
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individual
1 Semester
Pass / fail
Approval signature: 
Arne Myklebust