Semestre

PPUD-PRA2 Praksis 2

Emnekode: 
PPUD-PRA2
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
0
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Haust
2024 Vår
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Forkunnskapskrav, emneliste
PPUD-PRA1 Praksis 1
Om emnet

I praksisperioden skal studenten ta over undervisninga i fleire klassar og delta i anna relevant lærararbeid som til dømes vurdering av elevarbeid, møteverksemd ved skulen og vakt og tilsynsoppgåver i løpet av skulekvardagen. Formålet med praksis for studenten er difor både å vere i ein skulekvardag som lærar og å få praktisk erfaring med korleis ein arbeidar som lærar.  

Praksisopplæringa skal vere rettleia, vurdert og variert, og praksisskulen er ein læringsarena på lik line med opplæringa ved høgskulen. Studenten skal i praksisperioden kunne nytte seg av innhald og arbeidsmåtar frå undervisninga i pedagogikk og fagdidaktikk.  

I praksisemne 2 byggjer ein vidare på fokusområda frå praksis 1 medan ein i tillegg skal ha fokus på læringsmiljø og skulen som organisasjon. Studenten skal bygge vidare på dei erfaringar og innspel vedkommande fekk i praksisemne 1.  

I undervisninga ved høgskulen før praksisperioden vert det særleg lagt vekt på: 

  • Læringsmiljøet 

  • Psykisk helse 

  • Skulen som organisasjon og arbeidsfellesskap 

  • Tilpasse undervisninga i samsvar med gjeldande læreplanar og lovverk 

Kravet til kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse er stigande i løpet av praksisemne 1 og 2. Det betyr at det forventast eit høgare nivå frå studenten i lærarrolla i praksisemne 2. Sluttvurderinga etter praksis 2 skal sei kor vidt vedkommande vurderast som egna for læraryrket.  

Praksisplanen byggjer på Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning.. Omfanget av praksis i studiet er minimum 60 arbeidsdagar, fordelt med 30 dagar i kvart praksisemne.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifiasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne :

Kunnskapar

Kandidaten :

  • har utvida kunnskap om læraren sine roller, oppgåver og ansvar i opplæringa. 
  • har brei kunnskap om barn og unge si utvikling, læring og danning i ulike sosiale, fleirkulturelle og digitale kontekstar, og om korleis kunnskapen kan brukast for å tilpasse opplæringa til elevar sine føresetnader og behov 
  • har utvida kunnskap om samspel mellom elevar, mellom elevar og lærar, om klasseleiing, kollegarettleiing og teamarbeid 
  • har brei kunnskap om tilrettelegging for læring og bruk av relevante læreprosessar, arbeidsmåtar, læremiddel og vurderingsformer i fag 
  • har kunnskap om skulen som organisasjon, samarbeid med føresette og andre samarbeidspartnarar 
Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere eigen og andre si opplæring med utgangspunkt i nasjonale og lokale styringsdokument 
  • kan tilpasse opplæringa til elevens og elevgruppa sine føresetnader 
  • kan variere og grunngje eit utval undervisningsmetodar og samhandle med elevar og kollegaer 
  • kan samhandle med elevar, føresette, kollegaer og andre interne og eksterne aktørar 
  • kan ta ansvar for å utvikle og leie inkluderande, kreative, trygge og helsefremjande læringsmiljø 
Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan reflektere over elevane si læring i lys av fag, undervisning og aktuelle læreplanar og profesjonsetiske perspektiv 
  • har utvikla eigen læraridentitet som bidrag til profesjonsfellesskapet, samt kommunikasjons- og relasjonskompetanse som tek i vare profesjonsetiske verdiar i opplæringa 
  • har utvikla profesjonsetisk digital kompetanse og kan bidra til utvikling av digital dømmekraft mellom barn og unge 
  • kan bidra til endringsprosessar og samarbeid om fagleg og pedagogisk nytenking i skulen og involvere lokalt samfunns-, arbeids- og kulturliv i opplæringa 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studenten skal gjennom studiet ha praksis både på ungdomssteget og i vidaregåande opplæring. Studentar med fagbakgrunn i fellesfaga bør ha praksis på ulike utdanningsprogram. I praksis skal studenten følgje praksislærar og skulen si arbeidstidsorganisering. Det betyr at studenten skal ha arbeidsdagar som ein lærar i full stilling. I arbeidsdagen inngår undervisning, førebuing, vurderingsarbeid, møte- og samarbeidstid samt tid til fagleg utvikling. 

Praksislærar/rettleiaren si hovudoppgåve er å: 

  • legge til rette for studenten sin praksis 
  • lage plan for praksisperioden saman med studenten  
  • gi rettleiing og tilbakemelding til studenten på korleis vedkommande kan utvikle seg i høve læringsutbytteformuleringar for praksis. 

Det vert orientert meir detaljert rundt praksisorganisering og gjennomføring på www.hivolda.no/ppu  

Som sluttvurdering skal praksisrettleiar gi ei skriftleg individuell vurdering med karakteren stått/ikkje stått. Vurderinga vert gitt med grunnlag i læringsutbytte og vurderingskriterier for praksisperioden. Studenten skal legge sluttvurdering frå første praksisperiode fram for praksislærar i forkant av andre praksisperiode. Ved tvil om studenten skal stå skal emneansvarleg for praksis ved HVO koplast inn så snart som råd.  Den endelege vurderinga vert gjort av praksisansvarleg i samråd med praksislærar og praksisskulerektor. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er krav om 30 dagar frammøte for å få karakteren stått i praksis. 

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Torstein Drabløs
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Praktisk-pedagogisk utdanning, allmennfag (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praksis
Individuell
1 semester
Stått eller ikkje stått
Godkjent av: 
Arne Myklebust