Semestre
- 2025 Haust
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
PPUD111 Pedagogikk 1
Ingen.
Pedagogikk i Praktisk Pedagogisk Utdanning for yrkesfag årssteg 8-13 utgjer totalt 30 studiepoeng, der 15 stp. vert teke første studieår (emne PPUD111) og 15 stp. vert teke andre studieår (emne PPUD112). Dei andre 30 stp. er fagdidaktikk (jmf. eigne emneplanar).
Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileigner seg kunnskap om og ferdigheiter i kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for praktisk pedagogisk utdanning av 2015. Dette skal skje i samarbeid med fagdidaktikk og praksisfelt.
I emnet Pedagogikk 1 – Leiing av læreprosessar – vil hovudfokus være klasseromsperspektivet . Dette vil være den gjennomgåande dagsorden 1. studieår .
Pedagogikk 1 er organisert i 4 delemne. Desse er:
1. Innføring i pedagogikkfaget
2. Læring, vurdering og motivasjon
3.Tilpassa opplæring og elevkunnskap
4. Leiing av læreprosessar
Læringsutbytte i Forskrift om rammeplan for praktisk pedagogisk utdanning av 2015.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten har kunnskap om :
- teoretiske perspektiv på danning, utvikling og læring .
- samanhenger mellom individuelle , sosiale og kulturelle faktorar i arbeidet med tilpassa opplæring , likeverd og fråfallsproblematikk .
- skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringslaupet .
- mangfaldet i elevgruppa og om barn og ungdom si utvikling og læring..
- ulike former for vurdering og samspillet mellom vurdering og motivasjon .
- observasjon som metode.
Kandidaten kan :
- leie, rettleie og motivere elevar, og skape konstruktive , meiningsfylte og inkluderande læringsmiljø.
- planlegge , gjennomføre og reflektere over undervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap.
- reflektere over og utvikle eigen praksis i møte med eleven sine føresetnader , interesser og behov med bakgrunn i ulike teoretiske perspektiv.
- bruke og vise til relevant pedagogisk teori og forsking for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk fagleg utviklingsarbeid..
Kandidaten :
- har kunnskap om sentrale problemstillinger i utdanningsforsking.
- har kunnskap om lov- og planverk og innsikt i ulike profesjonsteoretiske utfordringar.
- kan reise problemstillinger, undersøke og drøfte disse gjennom teoretisk og empirisk kunnskap og dermed medverke til utvikling og endring av eigen praksis.
- har kunnskap om korleis byggje gode relasjonar til elevar.
Emnet er organisert gjennom samlinger lagt til enten Volda, Ålesund eller Molde.
Oppgåve knytt til temaet observasjon. Omfang: 1500 - 2000 ord . Times New Roman 12 pkt. og linjeavstand 1,5 .
Nærare retningslinjer for arbeidskravet vert gitt i semesterplanen.
Arbeidskravet må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen ( Jmf § 4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda) ..
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper, seminar i studiet og oppgåver knytt til undervisning og semesterplan. Viser elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om frammøte/deltaking i undervisninga.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap.5.
Emnet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag, 8.-13. trinn (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Times New Roman 12 pkt. og linjeavstand 1,5 . | Alle tilgjengelege . | 4000 ord . |