Semestre
- 2025 Haust
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
PPUD111 Pedagogikk 1
Ingen.
Pedagogikk i Praktisk Pedagogisk Utdanning for yrkesfag årssteg 8-13 utgjer totalt 30 studiepoeng, der 15 stp. vert teke første studieår (emne PPUD111) og 15 stp. vert teke andre studieår (emne PPUD112). Dei andre 30 stp. er yrkesdidaktikk (jmf. eigne emneplanar).
Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileigner seg kunnskap om og ferdigheiter i kompetanseområda i Forskrift om rammeplan for praktisk pedagogisk utdanning for yrkesfag for trinn 8-13. Dette skal skje i samarbeid med yrkesdidaktikk og praksisfelt.
Nasjonale retningsliner for PPU yrkesfag har to emnegrupper : emnegruppe 1. Leiing av læreprosessar og emnegruppe 2. Skulen i samfunnet.
Emnet pedagogikk 1 dekkjer primært læringsutbytteformuleringane i emnegruppe 1.
I emnet Pedagogikk 1 – Leiing av læreprosessar – vil hovudfokus vere klasseromsperspektivet . Dette vil vere den gjennomgåande dagsorden første studieår .
Emnet vil da til dømes ta for seg problemstillingar knytta opp i mot temaer som a.yrkeslærarrolla b. læring, vurdering og motivasjon c. tilpassa opplæring og elevkunnskap d. læraren som læringsleiar .
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten har kunnskap om :
- teoretiske perspektiv på læring og utvikling.
- bruken av pedagogikk i leiing av læreprosessar i klasserom /verkstad.
- differensiert og tilpassa opplæring i eit mangfald av læringsfellesskap.
- digitale og teknologirike læringsfellesskap.
- elevmedverknad, demokratisk danning og entreprenørskap i klasserom/verkstad.
- samanhenger mellom individuelle , sosiale og kulturelle faktorar i arbeidet med tilpassa opplæring , likeverd og fråfallsproblematikk .
- skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringslaupet .
- mangfaldet i elevgruppa og om barn og ungdom si utvikling og læring herunder samiske problemstillinger.
- vurderingsprosessar og sjølregulert læring og samspillet mellom vurdering og motivasjon .
- nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for pedagogikkfaget.
- observasjon som metode.
- forebygging av og tiltak mot mobbing.
Kandidaten kan :
- anvende sin yrkeskompetanse og pedagogiske og teknologiske kunnskapar i arbeidet med elevar og lærlingar tilpassa ulike behov og yrkesinteresser.
- leie, rettleie og motivere elevar og lærlingar.
- legge til rette for konstruktive, meiningsfylte, inkluderande og utviklande læringsmiljø.
- leie opplæring der elev/lærling aktivt tek del og medverkar.
- reflektere over undervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap.
- bygge gode relasjonar og gjennomføre tilpassa opplæring.
- reflektere over og utvikle eigen praksis i møte med eleven/lærlingen sine førestnader, interesser og behov med bakgrunn i ulike teoretiske perspektiv.
- bruke og vise til relevant pedagogisk teori og forsking for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk fagleg utviklingsarbeid..
- anvende opplæringslovens formålsparagraf i læringsarbeidet.
- framstå som rollemodell i relevante samanhengar.
Kandidaten :
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillinger og kan formidle sentralt fagstoff både skriftleg og munnleg .
- kan formidle med innsikt og engasjement.
- kan identifisere eigne lærings- og kompetansebehov.
- kan reflektere over eiga endring og fagleg utvikling.
- kan reflektere over grunnleggande etiske verdiar i yrkesopplæringa.
- kan gjennom engasjement og fagleg innsikt motivere for elevenes/lærlingenes læring og formidle yrkesstolthet og yrkesidentitet.
- kan reflektere over eiga læring.
- kan reise problemstillinger, undersøke og drøfte disse gjennom teoretisk og empirisk kunnskap og dermed medverke til utvikling og endring av eigen praksis.
- har kunnskap om korleis skape gode relasjonar til elevar.
- kan vurdere læraryrket sin status og utvikling i lys av eit samfunnsperspektiv.
- kan identifisere eigne behov for utvikling og reflektere over eiga endring som følge av veiledning.
Emnet er organisert gjennom samlinger lagt til enten Volda, Ålesund eller Molde, og i tillegg digital undervisning og læringsaktivitetar.
Oppgåve knytt til temaet observasjon i praksis. Omfang: 2500 - 3000 ord . Calibri 12 pkt. og linjeavstand 1,5 .
Nærare retningslinjer for arbeidskravet vert gitt i semesterplanen.
Arbeidskravet må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen ( Jmf § 4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda) ..
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper, seminar i studiet og oppgåver knytt til undervisning og semesterplan. Viser elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om frammøte/deltaking i undervisninga.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag, 8.-13. trinn (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | 45 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Ingen. |