Semestre

PPUD111 Pedagogikk 1

Emnekode: 
PPUD111
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Pedagogikk i Praktisk Pedagogisk Utdanning for yrkesfag årssteg 8-13 utgjer totalt 30 studiepoeng, der 15 stp. vert teke første studieår (emne PPUD111) og 15 stp. vert teke andre studieår (emne PPUD112). Dei andre 30 stp. er yrkesdidaktikk (jmf. eigne emneplanar).

Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileigner seg kunnskap om og ferdigheiter i kompetanseområda i  Forskrift om rammeplan for praktisk pedagogisk utdanning for yrkesfag for trinn 8-13.  Dette skal skje i samarbeid med yrkesdidaktikk og praksisfelt.

Nasjonale retningsliner for PPU yrkesfag har to emnegrupper : emnegruppe 1. Leiing av læreprosessar og emnegruppe 2. Skulen i samfunnet.

Emnet pedagogikk 1 dekkjer primært læringsutbytteformuleringane i emnegruppe 1.

I emnet Pedagogikk 1 – Leiing av læreprosessar –  vil hovudfokus  vere  klasseromsperspektivet . Dette vil vere den gjennomgåande dagsorden første studieår .

Pedagogikk 1 er organisert i 4 delemne. Desse er:

 1. Yrkeslærarrolla 

 2. Læring, vurdering  og motivasjon  

 3.Tilpassa opplæring og elevkunnskap

 4. Læraren som læringsleiar

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskap om :

  •  teoretiske perspektiv på læring og utvikling.
  •  bruken av pedagogikk i leiing av læreprosessar i klasserom /verkstad.
  •  differensiert og tilpassa opplæring i eit mangfald av læringsfellesskap.
  •  digitale og teknologirike læringsfellesskap.
  •  elevmedverknad, demokratisk danning og entreprenørskap i klasserom/verkstad.
  •  samanhenger mellom individuelle , sosiale og kulturelle faktorar i arbeidet  med tilpassa opplæring , likeverd og fråfallsproblematikk .
  •  skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og opplæringslaupet .
  •  mangfaldet i elevgruppa og om barn og  ungdom si  utvikling og læring herunder samiske problemstillinger.
  •  vurderingsprosessar og sjølregulert læring og samspillet mellom vurdering og motivasjon .
  •  nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid som er relevant for pedagogikkfaget.
  •  observasjon som metode.  
Ferdigheiter

Kandidaten kan :

  •  anvende sin yrkeskompetanse og pedagogiske og teknologiske kunnskapar i arbeidet med elevar og lærlingar tilpassa ulike behov og yrkesinteresser.
  •  leie, rettleie og motivere elevar og lærlingar.
  •  legge til rette for konstruktive, meiningsfylte, inkluderande og utviklande læringsmiljø.
  •  leie opplæring der elev/lærling aktivt tek del og medverkar.
  •  reflektere over undervisning basert på forskings- og erfaringsbasert kunnskap.
  •  bygge gode relasjonar og gjennomføre tilpassa opplæring.
  •  reflektere over og utvikle eigen praksis i møte med eleven/lærlingen sine førestnader, interesser og behov med bakgrunn i ulike teoretiske perspektiv.
  •  bruke og vise til relevant pedagogisk teori og forsking for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk fagleg utviklingsarbeid..
  •  anvende opplæringslovens formålsparagraf i læringsarbeidet.
  •  framstå som rollemodell i relevante samanhengar.
Generell kompetanse

Kandidaten :

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillinger og kan formidle sentralt fagstoff  både skriftleg og munnleg .
  • kan formidle med innsikt og engasjement.
  • kan identifisere eigne lærings- og kompetansebehov.
  • kan reflektere over eiga endring og fagleg utvikling.
  • kan reflektere over grunnleggande etiske verdiar i yrkesopplæringa.
  • kan gjennom engasjement og fagleg innsikt motivere for elevenes/lærlingenes læring og formidle yrkesstolthet og yrkesidentitet.
  • kan reflektere over eiga læring.
  • kan reise problemstillinger, undersøke og drøfte disse gjennom teoretisk og empirisk kunnskap og dermed medverke til utvikling og endring av eigen praksis.
  • har kunnskap om korleis skape gode relasjonar til elevar.
  • kan vurdere læraryrket sin status og utvikling i lys av eit samfunnsperspektiv.
  • kan identifisere eigne behov for utvikling og reflektere over eiga endring som følge av veiledning.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert gjennom samlinger lagt til enten Volda, Ålesund eller Molde, og i tillegg digital undervisning og læringsaktivitetar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Oppgåve knytt til temaet observasjon. Omfang: 1500 - 2000 ord . Calibri 12 pkt. og linjeavstand 1,5 .

Nærare retningslinjer for arbeidskravet vert gitt i semesterplanen.

Arbeidskravet må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen ( Jmf § 4-7 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda) ..

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper, seminar i studiet og oppgåver knytt til undervisning og semesterplan. Viser elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om frammøte/deltaking i undervisninga.

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag, 8.-13. trinn (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Calibri 12 pkt. og linjeavstand 1,5 .
Alle tilgjengelege .
4000 ord .
Godkjent av: 
Anne Øie