Semestre
PPUD112 Pedagogikk 2
Emnet inngår som dei siste 15 studiepoenga av yrkespedagogikk i PPU – Y.
Fokus i emnet er skulen i samfunnet og leiing og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv. Dette er med bakgrunn i forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag trinn 8–13 (2013) og nasjonale retningslinjer for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag trinn 8-13 (2018).
Emnet skal gjennomførast i tett samarbeid mellom PPY122 Yrkesdidaktikk 2 og PPUY-PRA2 Praksis 2 for å gi eit samla læringsutbytte for studentane i tråd med målsetningane for PPU Yrkesfag.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- har kunnskap om digitale verktøy i yrkesopplæringa og den teknologiske utviklinga i eigen bransje
- har kunnskap om problemstillingar knytt til overgrep og rus, og nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk
- har kunnskap om samarbeid med føresette, skulen si leiing og andre aktørar i skule og arbeidsliv.
- har kunnskap om yrkesfag og yrkesfagleg breidde i eige programområde
- har kunnskap om barn og unges oppvekstmiljø
- har kunnskap om læringsfellesskap og lærarens ansvar for kvaliteten på relasjonsbygging mellom elever, lærarar og føresette.
- kjenner til fleire perspektiv på læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar, her under samisk språk og kultur
- kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonane innanfor det yrkesfaglege området
- kjenner til samfunnet og arbeidslivet sitt kompetansebehov innanfor aktuelle yrke
- kjenner til skulens samfunnsmandat i det heilskaplege opplæringsløpet
Kandidaten
- brukar og viser til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk yrkesfagleg og pedagogisk utviklingsarbeid
- brukar yrkesfaglege, yrkesdidaktiske og teknologiske ferdigheiter i tråd med samfunnet og arbeidslivet sine utviklings- og endringsbehov
- involverer lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv i opplæringa
- kan sjå faget, yrkesopplæringa og yrkesutøvinga i eit historisk og kulturelt perspektiv
- kan vere kritisk og anvende sine pedagogiske, digitale og teknologiske dugleikar i tråd med samfunnet og arbeidslivet sitt utviklings- og endringsbehov
- legg til rette for likestilling, likeverd og en berekraftig yrkesutdanning
Kandidaten
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar og kan formidle sentralt fagstoff på norsk både skriftleg, munnleg og gjennom andre dokumentasjonsformer
- kan via fagleg innsikt, engasjement og formidlingsevne motivere for elevane/lærlingane si læring, yrkesstoltheit og yrkesidentitet
- kan analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule, arbeids- og samfunnsliv
- kan legge til rette for entreprenørskap, nytenking og innovasjon, og at lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv vert involvert i opplæringa
- kan bygge gode relasjonar til elevar/lærlingar og skape konstruktive og inkluderande læringsmiljø
- kan bygge gode relasjonar til og samarbeide med foresatte og andre aktuelle samarbeidspartnarar
- kan ta reflekterte val i forhold til lærings- og arbeidsmetodar og ulike læringsarenaer
Emnet er ein del av eit digitalt- og samlingsbasert deltidsstudie over fire semester.
Studentane må ha tilgjenge egna utstyr med internett, kamera, høgtalar/headset og mikrofon.
Studentane vil bli organisert i faste læringsgrupper som nyttast gjennom året. Samansetninga av gruppene blir bestemt av dei emneansvarlege på PPUD112 og PPY122.
Arbeidsformene i studiet blir ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum, sjølvstudium, utviklingsprosjekt og dialog i plenum.
Frammøte
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet dersom ikkje anna er opplyst. Det visast elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, om frammøte/deltaking i undervisninga.
Arbeidskrav
- Arbeidskrav om skulen som organisasjon
- Skisse til tverrfagleg utviklingsprosjekt 1000-1500 ord i haustsemesteret (Felles med PPY122)
- Arbeidskrav om skule og samfunn
- Munnleg presentasjon knytt til individuelt utviklingsprosjekt, 15 minutt (Felles med PPY122)
Arbeidskrava som ikkje er knytt til utviklingsprosjektet, første og tredje kulepunkt, kan ha ulike former som t.d. munnleg framlegg i læringsgruppa (10-15 minutt), nettbasert arbeid i læringsgruppa, kort videopresentasjon, refleksjonsnotat (400-500 ord) og omvendt undervisning. Emneansvarleg skal organisere dette. Det kan bli lagt opp til at studentane gir tilbakemelding til kvarandre i nokre av arbeidskrava.
Hensikta med arbeidskrava er å dokumentere forståing av dei pedagogikkfaglege tema, og å få praktisk trening i skriftleg og munnleg framstilling, digitale ferdigheiter, kollegarettleiing, vurdering, og undervisningsplanlegging.
Arbeidskrav vert vurdert med godkjent/ikkje godkjent.
For å framstille seg til eksamen må følgjande vere oppfylt:
- Minimum 80% frammøte
- Alle arbeidskrav godkjende
- PPUY-PRA2 Praksis 2 godkjend
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag, 8.-13. trinn (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Tverrfagleg utviklingsprosjekt, samarbeid med PPY122. | Oppgåva har eit omfang på 5000 ord +/- 10%. | |
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 |