Semestre
PPUD112 Pedagogikk 2
Innhaldet i studiet er organisert i emnegrupper. Desse skal knytast til profesjonsfaget med tilhøyrande praksis.
PPUD112, Pedagogikk 2 (PPUD112) er innafor emnegruppe 2: Skulen i samfunnet og leiing og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv. Dette er med bakgrunn i forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag trinn 8–13 (2013) og nasjonale retningslinjer for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag trinn 8-13 (2018). PPUD112, Pedagogikk 2 er på 15 stp. Emnet byggjer på PPUD111, Pedagogikk 1 (15 stp.), og samla utgjer dei to emna pedagogikk 30 stp..
Det er ein intensjon at det er eit tett samarbeid mellom yrkesdidaktikk, praksisfeltet og pedagogikk for å gjere ein samla innsats for å realisere dei overordna intensjonane med studiet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten skal etter fullført emne:
- kjenne til skulens samfunnsmandat i det heilskaplege opplæringsløpet.
- kjenne til fleire perspektiv på læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar, her under samisk språk og kultur.
- ha kunnskapar om læringsfellesskap og lærarens ansvar for kvaliteten på relasjonsbygging mellom elever, lærarar og føresette.
- ha kunnskapar om barn og unges oppvekstmiljø, samt innsikt i problemstillingar knytt til overgrep og rus, og nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk.
Kandidaten skal etter fullført emne:
- kjenne til korleis ein kan legge til rette for likestilling, likeverd og en berekraftig yrkesutdanning.
- ha kunnskapar om korleis ein kan kommunisere, samarbeide og bygge gode relasjonar med elever, føresette, skulen si leiing og andre aktørar i skule og arbeidsliv.
- kan vurdere og utnytte nye læringsformer som digitale verktøy gir moglegheit for.
- kunne reflektere kritisk over informasjonskjelder og digitale verktøy i opplæringa.
- kan vere kritisk og anvende sine pedagogiske, digitale og teknologiske dugleikar i tråd med samfunnet og arbeidslivet sit utviklings- og endringsbehov.
Kandidaten skal etter fullført emne:
- kunne legge til rette for eigen, og eleven si danning i eit demokratisk og globalt samfunn.
- ha kunnskapar om korleis ein legg til rette for å kommunikasjon, samarbeide og bygge gode relasjonar med elevar, føresette, skulen si leiing og andre aktørar i skule og arbeidsliv.
- vere medviten om kva som kjenneteiknar gode læringsfellesskap og at dette også handlar om lærarens ansvar for utvikling av kvaliteten i relasjonsbygging mellom alle aktørane i opplæringsføremålet.
- kan vurdere og utnytte nye arbeids- og læringsmåtar digitale verktøy gir mogelegheit for.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar:
Undervisninga i emnet PPUD112, Pedagogikk 2 vert organisert i form av samlingar. Arbeidsmåtane i studiet er ein kombinasjon av førelesingar, dialog i plenum, gruppearbeid, mindre arbeidsoppgåver og presentasjonar i plenum. Ein viktig del av læringsarbeidet i studiet er basert på individuelt arbeid/sjølvstudium og det er tilrådd jamt arbeid gjennom heile året for å lukkast med studiet. Det er også ein styrke for læringsprosessen om studentane gjer seg kjend med det aktuelle temaet i forkant av samlingane. For å styrke læreprosessen til studentane vert studentane engasjert til arbeid med nokre skriftlege oppgåver
Ein del av undervisninga vil bli gitt via konferansesystemet Adobe Connect. Studenten må difor ha tilgjenge til PC med internett, kamera, høgtalar og mikrofon.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet. Viser elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.
Arbeidskravet som må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen er:
- Prosjektplan knytt til individuelt utviklingsprosjekt
- Abstrakt og deltaking på minikonferanse
Arbeidskravet vert vurdert med godkjent/ikkje godkjent.
For å kunne gå opp til eksamen må begge praksisemne vere fullført og bestått.
Frammøte: Det er obligatorisk frammøte til all undervisning.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Sensur vert gjennomført i samasvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 5-11
- Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag, 8.-13. trinn (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Omfang på oppgåva skal vere på maximum 7000 ord. | |||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |