Semestre
- 2025 Haust
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
PPUD112 Pedagogikk 2
Emnet inngår som dei siste 15 studiepoenga av yrkespedagogikk i PPU – Y.
Fokus i emnet er skulen i samfunnet og leiing og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv. Dette er med bakgrunn i forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag trinn 8–13 (2013) og nasjonale retningslinjer for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag trinn 8-13 (2018).
Emnet skal gjennomførast i tett samarbeid mellom PPY122 Yrkesdidaktikk 2 og PPUY-PRA2 Praksis 2 for å gi eit samla læringsutbytte for studentane i tråd med målsetningane for PPU Yrkesfag.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten skal etter fullført emne:
- kjenne til skulens samfunnsmandat i det heilskaplege opplæringsløpet.
- kjenne til fleire perspektiv på læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar, her under samisk språk og kultur.
- ha kunnskapar om læringsfellesskap og lærarens ansvar for kvaliteten på relasjonsbygging mellom elever, lærarar og føresette.
- ha kunnskapar om barn og unges oppvekstmiljø,
- ha kunnskap om problemstillingar knytt til overgrep og rus, og nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk.
- ha kunnskap om samarbeid med føresette, skulen si leiing og andre aktørar i skule og arbeidsliv.
Kandidaten skal etter fullført emne:
- kunne legge til rette for likestilling, likeverd og en berekraftig yrkesutdanning
- kunne kommunisere, samarbeide og bygge gode relasjonar med elever
- kunne vurdere og utnytte nye læringsformer som digitale verktøy gir moglegheit for
- kunne reflektere kritisk over informasjonskjelder og digitale verktøy i opplæringa
- kan vere kritisk og anvende sine pedagogiske, digitale og teknologiske dugleikar i tråd med samfunnet og arbeidslivet sitt utviklings- og endringsbehov
- bruke og vise til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk yrkesfagleg og pedagogisk utviklingsarbeid.
Kandidaten skal etter fullført emne:
- Kunne formidle sentralt fagstoff på norsk både skriftlig, muntlig og gjennom andre dokumentasjonsformer
- kunne legge til rette for eigen, og eleven si danning i eit demokratisk og globalt samfunn.
- vere medviten om kva som kjenneteiknar gode læringsfellesskap og at dette også handlar om lærarens ansvar for utvikling av kvaliteten i relasjonsbygging mellom alle aktørane i opplæringsføremålet.
Ved Høgskulen i Volda er PPU-Y eit digitalt- og samlingsbasert deltidsstudie over fire semester. Kvart semester har fire digitale samlingar på to timar, i tillegg til tre-fire samlingar på to dagar, enten i Volda, Ålesund eller Molde. Arbeidsformene i studiet blir ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum, sjølvstudium og dialog i plenum. Gjennom studiet vert det lagt vekt på at kunnskap er eit resultat av både teoretisk studie og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervising og praksis, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.
Ein del av undervisninga vil bli gjennomført digitalt. Studenten må difor ha tilgjenge egna utstyr med internett, kamera, høgtalar/headset og mikrofon.
Studentane skal(vil) bli organisert i faste læringsgrupper som nyttast gjennom året. Samansetninga av gruppene blir bestemt av dei emneansvarlege på PPUD112 og PPY122.
Frammøte
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet dersom ikkje anna er opplyst. Det visast elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.
Arbeidskrav
- Arbeidskrav om skulen som organisasjon
- Skisse til tverrfagleg utviklingsprosjekt 1000-1500 ord i haustsemesteret (Felles med PPY122)
- Munnleg presentasjon knytt til individuelt utviklingsprosjekt, 15 minutt (Felles med PPUD112)
- Arbeidskrav om skule og samfunn
Arbeidskrav 1 og 4 kan ha ulike former: munnleg framlegg i læringsgruppa (10-15 minutt), nettbasert arbeid i læringsgruppa, kort videopresentasjon, refleksjonsnotat (400-500 ord) og «omvendt klasserom»-plan. Det vil variere kva arbeidskravform som blir knytt til kva tema. Emneansvarleg skal organisere dette. Studentane skal ta del i å gi tilbakemelding til kvarandre i arbeidskrav 2, 3 og 4.
Hensikta med arbeidskrava er både å dokumentere forståing av dei pedagogikkfaglege tema, og å få praktisk trening i skriftleg framstilling, munnleg framstilling, kollegial vegleiing, digitale ferdigheiter og undervisningsplanlegging. Dette er alle sentrale lærarprofesjonelle ferdigheiter.
Arbeidskravet vert vurdert med godkjent/ikkje godkjent.
For å framstille seg til eksamen må følgjande vere oppfylt:
- Minimum 80% frammøte
- Alle arbeidskrav godkjende
- PPUY-PRA2 Praksis 2 godkjend
Sensur vert gjennomført i samasvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 5-11
- Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag, 8.-13. trinn (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Tverrfagleg utviklingsprosjekt, samarbeid med PPY122. | Oppgåva har eit omfang tilsvarande inntil 5000 ord. | ||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |