Semestre
PPUD112 Pedagogikk 2
Bestått emne PPUD101/PPUD111.
Pedagogikk 2 er på 15 stp. og byggjer på emne Pedagogikk 1.Studiet i pedagogikk skal bidra til at studentane tileignar seg kunnskap om, ferdigheiter og generell kompetanse i målområda i Forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag for trinn 8–13.
Innhaldet i dette emnet er strukturert i fire delområde:
- Skulen som organisasjon
- Læraren som pedagogisk leiar og tilretteleggjar av læringsmiljø
- Sosialisering og oppvekst
- Skulen og samfunnet
I opplæringa i emnet er det lagt vekt på samarbeid med fagdidaktikk/ yrkesdidaktikk og praksisfeltet.
Det vert lagt vekt på at kunnskap er eit resultat av både teoretisk studie og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbytte vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervising og praksis, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
Har kunnskap om leiing av klasser og elevgrupper fagleg og sosialt, om kommunikasjon og korleis ein som lærar kan byggje relasjonar til enkeltelevar, elevgrupper og foreldre
Har kunnskap om skulen som organisasjon og korleis denne fungerer, utviklast og endrast
Har brei kunnskap om yrkesfag, pedagogikk og yrkesdidaktikk, arbeidsmetodar/verkty og prosessar som er relevante for profesjons- og yrkesutøvinga, og kan vurdere behov for HMS-tiltak
Kan sjå yrkesopplæringa og yrkesutøvinga i eit historisk og kulturelt perspektiv
Har brei kunnskap om born- og ungdomskultur og born og ungdom si utvikling og læring i ulike sosiale og fleirkulturelle kontekstar
Har kunnskap om born og unge i vanskelege livssituasjonar, som kunnskap om vold og seksuelle overgrep mot born og unge, om deira rettigheiter i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv, og korleis ein skal iverksette nødvendige tiltak etter gjeldande lovverk
Har kunnskap om nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen innanfor det yrkespedagogiske og yrkesfaglege området, og kan oppdatere sin kunnskap innanfor fagområdet
Har kunnskap om skulen sitt mandat, opplæringa sitt verdigrunnlag og det heilskaplege opplæringslaupet frå barn- ungdomstrinn til avslutta fag- eller yrkesopplæring.
Studenten
Kan nytte sine yrkesfaglege, pedagogiske, yrkesdidaktiske og teknologiske kunnskapar
Kan orientere seg i faglitteraturen og stille seg kritisk til informasjonskjelder og eksisterande teori knytt til mellom/ungdomssteget og fag- og yrkesopplæring
Kan bygge relasjonar, kommunisere og samarbeide med elevar, kollegaer, føresette og andre aktuelle samarbeidsinstansar for skuleverket
Kan bruke og vise til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk fagleg/yrkesfagleg og pedagogisk utviklingsarbeid
Studenten
Har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar og kan formidle sentralt fagstoff på norsk både skriftleg, munnleg og gjennom andre dokumentasjonsformer
Kan gjennom fagleg innsikt, engasjement og formidlingsevne motivere for elevane/lærlingen si læring, yrkesstoltheit og yrkesidentitet
Kan analysere behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule, arbeids- og samfunnsliv
Har solid kunnskap om lov- og planverk, skulen som organisasjon og rammevilkår og styringsstruktur
Kan bidra til analyse og diskusjon av utdanningspolitiske spørsmål og formål, ideologiar og praksisar i utvikling av demokratiske samfunn, lokalt og globalt
Kan bygge gode relasjoner til og samarbeide med føresette og andre aktuelle samarbeidspartnarar
Undervisninga i emnet vert organisert i form av samlingar. Arbeidsmåtane i studiet er ein kombinasjon av førelesingar, dialog i plenum, gruppearbeid og presentasjon i plenum. Ein del av læringsarbeidet i studiet er basert på individuelt arbeid/sjølvstudium og det er tilrådd jamt arbeid gjennom heile året. Det er også viktig at studentane gjer seg kjend med tema i forkant av samlingar.
Ein del av undervisninga vil bli gitt i sanntid via konferansesystemet Adobe Connect. Studenten må difor ha tilgjenge til PC med internett, kamera, høgtalar og mikrofon.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet. Viser elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.
Arbeidskravet som må vere godkjend for å kunne gå opp til eksamen er:
- Prosjektplan knytt til individuelt utviklingsprosjekt
- Abstrakt og deltaking på minikonferanse
Arbeidskravet vert vurdert med godkjent/ikkje godkjent.
For å kunne gå opp til eksamen må PPUD-PRA1 og PPUD-PRA2 vere fullført og bestått
Frammøte: Det er obligatorisk frammøte til all undervisning.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6 om obligatorisk frammøte/deltaking.
Sensur vert gjennomført i samasvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 5-11
- Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag, 8.-13. trinn (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Omfang på oppgåva skal vere på inntil 7000 ord. | |||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |