Semestre

PPY122 Yrkesdidaktikk 2

Emnekode: 
PPY122
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Haust
2026 Vår
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
PPY121 Yrkesdidaktikk 1
Om emnet

Emnet PPY122 inngår som dei siste 15 studiepoenga av yrkesdidaktikken i PPU for yrkesfag. Yrkesdidaktikk handlar om læringsarbeid knytt til det å lære eit yrke, og emnet skal vere med å vidareutvikle studenten sin yrkesdidaktiske kompetanse. Fokus i PPY122 er knytt til emnegruppe 2: Skulen i samfunnet - leiing og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv. Dette er med bakgrunn i forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag trinn 8–13 (2013) og Nasjonale retningslinjer for Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag trinn 8-13 (2018).  

Emnet vert gjennomført i tett samarbeid mellom PPUD112 Pedagogikk og PPUY-PRA2 Praksis 2 for å gi eit samla læringsutbytte som bidrar til at studentane utviklar ein trygg og tydeleg yrkesfaglæraridentitet. 

 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:  

Kunnskapar

Kandidaten

  • har kunnskap om undervisningsdesign i mangfaldige læringsmiljø
  • har kunnskap om yrkesfag og yrkesfagleg breidde i eige programområde 
  • har kunnskap om entreprenørskap, nytenking, kreativitet og innovasjon 
  • har kunnskap om digitale verktøy i yrkesopplæringa og den teknologiske utviklinga i eigen bransje  
  • kan sjå faget, yrkesopplæringa og yrkesutøvinga i eit historisk og kulturelt perspektiv 
  • kjenner til samfunnet og arbeidslivet sitt kompetansebehov innanfor aktuelle yrke 
  • kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonane innanfor det yrkesfaglege området  

 

Ferdigheiter

Kandidaten 

  • kan bruke yrkesfaglege, yrkesdidaktiske og teknologiske ferdigheiter i tråd med samfunnet og arbeidslivet sine utviklings- og endringsbehov 
  • kan ta reflekterte val med tanke på undervegsvurdering som bidrar til læring og lærelyst 
  • kan vurdere og nytte digitale verktøy i læringsarbeidet  
  • kan reflektere kritisk over bruk av digitale informasjonskjelder i opplæringa 
  • kan legge til rette for entreprenørielle læreprosessar som opnar for nytenking, kreativitet og innovasjon  
  • kan involvere lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv i opplæringa 
  • kan bruke og vise til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk yrkesfagleg utviklingsarbeid   

 

Generell kompetanse

Kandidaten 

  • har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar og kan formidle sentralt fagstoff på norsk både skriftleg, munnleg og gjennom andre dokumentasjonsformer
  • kan via fagleg innsikt, engasjement og formidlingsevne motivere for elevane/lærlingane si læring, yrkesstoltheit og yrkesidentitet
  • kan analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule, arbeids- og samfunnsliv
  • kan legge til rette for entreprenørskap, nytenking og innovasjon, og at lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv vert involvert i opplæringa
  • kan bygge gode relasjonar til elevar/lærlingar og skape konstruktive og inkluderande læringsmiljø
  • kan bygge gode relasjonar til og samarbeide med foresatte og andre aktuelle samarbeidspartnarar
  • kan ta reflekterte val i forhold til lærings- og arbeidsmetodar og ulike læringsarenaer 

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er ein del av eit digitalt- og samlingsbasert deltidsstudie over fire semester. Arbeidsformene i studiet blir ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum, sjølvstudium, utviklingsprosjekt og dialog i plenum.  Studentane vil bli organisert i faste læringsgrupper som nyttast gjennom året. Samansetninga av gruppene blir bestemt av dei emneansvarlege på PPUD112 og PPY122.

Studenten må ha eigna utstyr for å delta i digital undervisning. 

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøte   

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet dersom ikkje anna er opplyst. Det visast elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, om frammøte/deltaking i undervisninga.   

Arbeidskrav    

  • Arbeidskrav knytt til omvendt undervisning. 
  • Skisse til tverrfagleg utviklingsprosjekt 1000-1500 ord i haustsemesteret (Felles med PPY122)
  • Munnleg presentasjon knytt til individuelt utviklingsprosjekt, 15 minutt (Felles med PPY122) 

Arbeidskrava som ikkje er knytt til utviklingsprosjektet kan ha ulike former som t.d. munnleg framlegg i læringsgruppa (10-15 minutt), nettbasert arbeid i læringsgruppa, kort videopresentasjon, refleksjonsnotat (400-500 ord) og omvendt undervisning. Emneansvarleg skal organisere dette. Det vil bli lagt opp til at studentane gir tilbakemelding til kvarandre i nokre av arbeidskrava.

Hensikta med arbeidskrava er å dokumentere forståing av yrkesdidaktiske tema, og å få praktisk trening i skriftleg og munnleg framstilling, digitale ferdigheiter, kollegarettleiing, vurdering og undervisningsplanlegging. 

Arbeidskrav vert vurdert med godkjent/ikkje godkjent. 

For å framstille seg til eksamen må følgjande vere oppfylt:  

  • Minimum 80% frammøte  

  • Alle arbeidskrav godkjende  

  • PPUY-PRA 2 Praksis 2 godkjend  

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Ester Alnes Osnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag, 8.-13. trinn (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
40
Tverrfagleg utviklingsprosjekt, samarbeid med PPUD112
Oppgåva har eit omfang på 5000 ord +/- 10 %
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
60
Godkjent av: 
Arne Myklebust