Semestre
- 2025 Haust
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
PPY122 Yrkesdidaktikk 2
Emnet PPY122 inngår som dei siste 15 studiepoenga av yrkesdidaktikken i PPU – Y. Yrkesdidaktikk handlar om læringsarbeid knytt til det å lære eit yrke, og emnet skal vere med å vidareutvikle studenten sin yrkesdidaktiske kompetanse. Fokus i PPY122 er knytt til emnegruppe 2: Skulen i samfunnet - leiing og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv. Dette er med bakgrunn i forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag trinn 8–13 (2013) og nasjonale retningslinjer for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag trinn 8-13 (2018).
Emnet vert gjennomført i tett samarbeid mellom PPY112 og Praksis 2 for å bidra til at studenten gjennom varierte erfaringar og refleksjonar utviklar ein trygg og tydeleg yrkesfaglæraridentitet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten skal etter fullført emne:
ha kunnskap om yrkesfag og yrkesfagleg breidde i eige programområde
ha kunnskap om entreprenørskap, nytenkning, kreativitet og innovasjon
ha kunnskap om digitale verktøy i yrkesopplæringa og den teknologiske utviklinga i eigen bransje
kjenne til samfunnet og arbeidslivet sitt kompetansebehov innanfor aktuelle yrke
kunne sjå faget, yrkesopplæringa og yrkesutøvinga i eit historisk og kulturelt perspektiv
kjenne til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid md relevans for lærarprofesjonane innanfor det yrkespedagogiske og det yrkesfaglege området
Kandidaten skal etter fullført emne kunne:
bruke sine yrkesfaglege, yrkesdidaktiske og teknologiske ferdigheiter i tråd med samfunnet og arbeidslivets utviklings- og endringsbehov
ta reflekterte val i forhold til lærings- og arbeidsmetodar og ulike læringsarenaer
vurdere og nytte digitale læringsverktøy i læringsarbeidet
reflektere kritisk over bruk av digitale informasjonskjelder i opplæringa
legge til rette for entreprenørielle læreprosessar som opnar for nytenking, kreativitet og innovasjon
involvere lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv i opplæringa
kunne bruke og vise til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk yrkesfagleg utviklingsarbeid
Kandidaten:
bygge gode relasjonar til elevar/lærlingar og skape trygge og inkluderande læringsmiljø
motivere for læring gjennom fagleg innsikt og engasjement
formidle og fremje yrkesstoltheit og yrkesidentitet
identifisere eige behov for kompetansheving, og ha endrings- og utviklingskompetanse som grunnlag for å møte framtida sitt kompetansebehov i skule, arbeids- og samfunnsliv
vere medviten sitt ansvar for å samarbeide og bygge gode relasjonar med føresette, kollegaer og andre aktuelle samarbeidspartnarar
kunne formidle sentralt fagstoff på norsk både skriftlig, munnleg og gjennom andre dokumentasjonsformer
Ved Høgskulen i Volda er PPU-Y eit digitalt- og samlingsbasert deltidsstudie over fire semester. Kvart semester har fire digitale samlingar på to timar, i tillegg til tre-fire samlingar på to dagar, enten i Volda, Ålesund eller Molde. Arbeidsformene i studiet blir ein kombinasjon av førelesingar og dialog i plenum, gruppearbeid, presentasjon av studentarbeid, seminar og sjølvstudium. Gjennom studiet vert det lagt vekt på at kompetanse er eit resultat av både teoretisk studie og refleksjon over eigen praksis. Læringsutbyttet vert derfor eit resultat av studenten sin eigeninnsats gjennom studie av litteratur, deltaking i undervising og praksis, diskusjon og refleksjon i gruppe eller i plenum over relevante problemstillingar.
Studenten må ha tilgjenge på eigna utstyr med internett, kamera, høgtalar/headset og mikrofon.
Studentane vil bli organisert i faste læringsgrupper som nyttast gjennom året. Samansetninga av gruppene blir bestemt av dei emneansvarlege på PPY112 og PPY122.
Frammøte
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet dersom ikkje anna er opplyst. Det visast elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.
Arbeidskrav
Arbeidskrav knytt til omvendt undervisning.
Skisse til tverrfagleg utviklingsprosjekt (felles med PPY112). Omfang: 1500 ord (+/- 10 prosent).
Munnleg presentasjon knytt til tverrfagleg utviklingsprosjekt (felles med PPY112). Omfang: 15 minutt.
Arbeidskrav knytt til samarbeid skule og arbeidsliv.
Arbeidskrav 1 og 4 kan ha ulike former: munnleg framlegg i læringsgruppa (10-15 minutt), nettbasert arbeid i læringsgruppa, kort videopresentasjon, refleksjonsnotat (400-500 ord) eller omvendt undervisning. Det vil variere kva arbeidskravform som blir knytt til kva tema. Emneansvarleg skal organisere dette. Studentane skal ta del i å gi tilbakemelding til kvarandre i arbeidskrav 2, 3 og 4. Hensikta med arbeidskrava er å dokumentere forståing av dei yrkesdidaktiske tema, og å få praktisk trening i skriftleg og munnleg framstilling, kollegial rettleiing, digitale ferdigheiter og undervisningsplanlegging. Dette er alle sentrale ferdigheiter i profesjonsutøvinga.
Arbeidskrava vert vurdert med godkjent/ikkje godkjent.
For å framstille seg til eksamen må følgjande vere oppfylt:
Minimum 80% frammøte
Alle arbeidskrav godkjende
PPUY-PRA 2 Praksis 2 godkjend
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag, 8.-13. trinn (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Tverrfagleg utviklingsprosjekt, samarbeid med PPUD112. | Oppgåva har eit omfang tilsvarande inntil 5000 ord | ||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 |