Semesters
PPY122 Yrkesdidaktikk 2
Emnet PPY122 inngår som dei siste 15 studiepoenga av yrkesdidaktikken i PPU for yrkesfag. Yrkesdidaktikk handlar om læringsarbeid knytt til det å lære eit yrke, og emnet skal vere med å vidareutvikle studenten sin yrkesdidaktiske kompetanse. Fokus i PPY122 er knytt til emnegruppe 2: Skulen i samfunnet - leiing og utviklingsarbeid i eit organisasjons- og samfunnsperspektiv. Dette er med bakgrunn i forskrift om rammeplan for praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag trinn 8–13 (2013) og Nasjonale retningslinjer for Praktisk-pedagogisk utdanning for yrkesfag trinn 8-13 (2018).
Emnet vert gjennomført i tett samarbeid mellom PPUD112 Pedagogikk og PPUY-PRA2 Praksis 2 for å gi eit samla læringsutbytte som bidrar til at studentane utviklar ein trygg og tydeleg yrkesfaglæraridentitet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- har kunnskap om undervisningsdesign i mangfaldige læringsmiljø
- har kunnskap om yrkesfag og yrkesfagleg breidde i eige programområde
- har kunnskap om entreprenørskap, nytenking, kreativitet og innovasjon
- har kunnskap om digitale verktøy i yrkesopplæringa og den teknologiske utviklinga i eigen bransje
- kan sjå faget, yrkesopplæringa og yrkesutøvinga i eit historisk og kulturelt perspektiv
- kjenner til samfunnet og arbeidslivet sitt kompetansebehov innanfor aktuelle yrke
- kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonane innanfor det yrkesfaglege området
Kandidaten
- kan bruke yrkesfaglege, yrkesdidaktiske og teknologiske ferdigheiter i tråd med samfunnet og arbeidslivet sine utviklings- og endringsbehov
- kan ta reflekterte val med tanke på undervegsvurdering som bidrar til læring og lærelyst
- kan vurdere og nytte digitale verktøy i læringsarbeidet
- kan reflektere kritisk over bruk av digitale informasjonskjelder i opplæringa
- kan legge til rette for entreprenørielle læreprosessar som opnar for nytenking, kreativitet og innovasjon
- kan involvere lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv i opplæringa
- kan bruke og vise til relevante forskingsresultat for å treffe grunngjevne val og gjennomføre systematisk yrkesfagleg utviklingsarbeid
Kandidaten
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar og kan formidle sentralt fagstoff på norsk både skriftleg, munnleg og gjennom andre dokumentasjonsformer
- kan via fagleg innsikt, engasjement og formidlingsevne motivere for elevane/lærlingane si læring, yrkesstoltheit og yrkesidentitet
- kan analysere eigne behov for kompetanseheving og ha endrings- og utviklingskompetanse for å møte framtida sine behov i skule, arbeids- og samfunnsliv
- kan legge til rette for entreprenørskap, nytenking og innovasjon, og at lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv vert involvert i opplæringa
- kan bygge gode relasjonar til elevar/lærlingar og skape konstruktive og inkluderande læringsmiljø
- kan bygge gode relasjonar til og samarbeide med foresatte og andre aktuelle samarbeidspartnarar
- kan ta reflekterte val i forhold til lærings- og arbeidsmetodar og ulike læringsarenaer
Emnet er ein del av eit digitalt- og samlingsbasert deltidsstudie over fire semester. Arbeidsformene i studiet blir ein kombinasjon av forelesingar, gruppearbeid, presentasjon av studentane sitt arbeid i plenum, sjølvstudium, utviklingsprosjekt og dialog i plenum. Studentane vil bli organisert i faste læringsgrupper som nyttast gjennom året. Samansetninga av gruppene blir bestemt av dei emneansvarlege på PPUD112 og PPY122.
Studenten må ha eigna utstyr for å delta i digital undervisning.
Frammøte
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning og arbeid i grupper og seminar på studiet dersom ikkje anna er opplyst. Det visast elles til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, om frammøte/deltaking i undervisninga.
Arbeidskrav
- Arbeidskrav knytt til omvendt undervisning.
- Skisse til tverrfagleg utviklingsprosjekt 1000-1500 ord i haustsemesteret (Felles med PPY122)
- Munnleg presentasjon knytt til individuelt utviklingsprosjekt, 15 minutt (Felles med PPY122)
Arbeidskrava som ikkje er knytt til utviklingsprosjektet kan ha ulike former som t.d. munnleg framlegg i læringsgruppa (10-15 minutt), nettbasert arbeid i læringsgruppa, kort videopresentasjon, refleksjonsnotat (400-500 ord) og omvendt undervisning. Emneansvarleg skal organisere dette. Det vil bli lagt opp til at studentane gir tilbakemelding til kvarandre i nokre av arbeidskrava.
Hensikta med arbeidskrava er å dokumentere forståing av yrkesdidaktiske tema, og å få praktisk trening i skriftleg og munnleg framstilling, digitale ferdigheiter, kollegarettleiing, vurdering og undervisningsplanlegging.
Arbeidskrav vert vurdert med godkjent/ikkje godkjent.
For å framstille seg til eksamen må følgjande vere oppfylt:
Minimum 80% frammøte
Alle arbeidskrav godkjende
PPUY-PRA 2 Praksis 2 godkjend
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Vocational Teacher Qualification (part time)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 40 | Tverrfagleg utviklingsprosjekt, samarbeid med PPUD112 | Oppgåva har eit omfang på 5000 ord +/- 10 % | |
Oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 60 |