Semesters

PROG2-813KFK Introduksjon til programmering for lærarar 2, 8.-13. trinn

Course code: 
PROG2-813KFK
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
7,5
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2026 Spring
Assessment semester: 
2026 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen

Course content

Studentane skal vidareutvikle kompetanse i å planleggje, gjennomføre og evaluere undervisningsopplegg som inkluderer programmering. Det vil i hovudsak nyttast tekstbaserte programmeringsmiljø, og det blir gitt ei innføring i programmering med mikrokontrollar. 

Studentane bygg vidare på haustsemesteret og vidareutviklar eigne ferdigheiter i programmering og korleis programmering kan integrerast i undervisningsfag. Emnet fokuser på praktisk arbeid med programmering  med relevante verktøy og metodar for 8.-13.-trinn, til dømes smidig metodikk og designtenking.

Undervisingen er fullstendig nettbasert, men det blir forventa aktiv deltaking av studentane på diskusjonsforum, medstudentrettleiing, etc.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal ha 

  • forståing for algoritmar 
  • kunnskap om meir avanserte programstrukturer
  • kunnskap om dataanalyse ved hjelp av programmering
  • kunnskap om bruk av mikrokontrollarar i undervisning
Learning outcome skills

Studenten skal kunne 

  • overføre løysingar til nye problem ved å generalisere og tilpasse eksisterande program 
  • kommentere, feilsøke og vidareutvikle program   
  • utvikle program av noko kompleksitet ved hjelp av tekstprogrammering 
  • kommentere, feilsøke og vidareutvikle program, samt produsere ryddig kode og dokumentasjon 
  • utvikle prototypar med mikrokontroller  
  • planlegge, gjennomføre og evaluere undervisning knytt til programmering  
  • vurdere elevarbeid som inkluderer programmering 
Learning outcome qualification

Studenten skal kunne 

  • reflektere over bruk av programmering for å tilrettelegge for læring i undervisningsfag
  • bidra til å utvikle programmering i skulen som er fagleg grunngjeven 
Working and learning activities

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Arbeidsoppgåver er praksisnære, og relatert til læring og formidling. Emnet er organisert med ein kombinasjon av nettleksjonar og læringsressursar, øvingar og prosjektoppgåver. 

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Ingen. 

Arbeidskrav

Emnet har eitt arbeidskrav. Arbeidskravet består av obligatoriske innlevering spesifisert i semesterplanen. Alle innleveringane må vere godkjente for å få arbeidskravet godkjent.

Evaluation system
Minimum number of students: 
5
Maximum number of students: 
100
Person in charge: 
Jan Erik Syversen
Used in other programs
  • Programming for teachers, 8th-13th grade - Competence for quality
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Portfolio
Individual
7 Days
Pass / fail
100
Approval signature: 
Arne Myklebust