Semesters
- 2023 Autumn
- 2023 Spring
- 2022 Autumn
- 2022 Spring
- 2021 Autumn
- 2021 Spring
- 2020 Autumn
- 2020 Spring
- 2019 Autumn
- 2019 Spring
- 2018 Autumn
- 2018 Spring
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
PROSB Prosessledelse i plan- og utviklingsarbeid (i samarbeid med Utviklingskompetanse AS)
Ingen
Brei deltaking blir i dag rekna som ein føresetnad for vellykka utviklingsarbeid både i samfunn og i organisasjonar. Bruken av kommunikative metodar som idedugnad, kreativ problemløysing osv. i plan- og utviklingsarbeid har som formål å skape gruppeprosessar som fremmar deltaking, dialog, kreativitet m.m. og som gir forankring av og forpikting til dei løysingane som ein kjem fram til.
Emnet er øvingsorientert med stor vekt på gruppearbeid med sams metodelæring og erfaringsutveksling på tvers av fag, forvaltningsnivå og offentlig-, privat- eller frivillig sektor m.m. Øvingane tek utgangspunkt i dei utfordringar og planproblem som deltakarane sjølv har, og gjennom gruppearbeid skal dei få hjelp til korleis dei kan utforme ein prosessdesign for å arbeide med planproblema.
Emnet tek utgangspunkt i studentar sine planproblem knytt til utviklingsarbeid/prosjekt i samfunn og organisasjonar, og målet med emnet er å gi studentane kompetanse i korleis dei kan bruke ulike kommunikative arbeids- og planleggingsmetodar for å løyse eigne planproblem. Det er difor ønskeleg at studentane har gjennomført eitt eller fleire av desse masteremna: Regional planlegging og utvikling, Offentleg organisering og leiing, Leiing og personalutvikling, Meistring og myndiggjering eller tilsvarende emne, og at dei dermed har utvikla emne til å formulere relevante planproblem og har god teoretisk kunnskap til det emnet planproblemet tilhøyrer.
Emnet eignar seg for nyutdanna med profesjonsutdanningar eller anna høgare utdanning, og for fagfolk i praksis (planleggarar, leiarar og andre tilsette) med ansvar for samfunnsplanlegging, lokalsamfunnsarbeid og/eller organisasjonsutvikling i offentleg, privat eller frivillig sektor. Emnet eignar seg også for dei som ønsker seg slike stillingar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Kunnskap om kommunikative metodar i ein teoretisk og filosofisk samanheng.
- Til proaktivt utviklingsarbeid og prosjektarbeid.
- Til sjølv å bruke kommunikative metodar i organisasjons- og samfunnsutviklingsarbeid.
- Til kritisk vurdering av ulike modellar og "oppskrifter" for medverknads- og planprosessar i samfunn og organisasjonar.t.
Gjennom forelesingar, dialog, heimeoppgåver og praktiske øvingar skal studentane utvikle:
- Evna til kritisk refleksjon over andre si rolle i gruppeprosessar.
- Evne til kritisk refleksjon over eigen kunnskap, ferdigheiter og holdningar/verdiar.
- Praktisk handlingskompetanse i å lage planprogram/planstrategiar og å designe og leie utviklingsprosessar og prosjekt.
Firmaet Utviklingskompetanse AS ved Tor J. Skogstad tilbyr dette kurset som etterutdanning.
Utviklingskompetanse AS er lokalisert i Bodø, Tlf. 75 51 76 44 /mobil: 977 01 621 http://www.prosessledelse.no
Det er inngått avtale mellom Utviklingskompetanse AS og Høgskolen i Volda om eksamen for dei som ønsker å ta eksamen. Vi rår dei som har generell studiekompetanse eller realkompetanse til å bruke kurset til å ta eksamen i emnet PROS Prosessledelse i plan- og utviklingsarbeid og få 15 studiepoeng på bachelornivå. Vi rår dei som tilfredsstiller krava til opptak til mastergraden vår i Samfunnsplanlegging og leiing til å bruke kurset til å avlegge eksamen i det noko større og meir avanserte mastergradsemnet IPA302KOMP Prosessleiing i samfunn og organisasjonar.
Kurset går over sju dagar fordelt på tre samlingar (2+3+2). For å begrense reise- og oppholdsutgiftene til dei enkelte kursdeltakarane, foregår samlingane og undervisninga i dei regionar eller kommunar der kursdeltakarane har sin tilhørigheit. Kurset er organisert som ein kombinasjon av regionale og interkommunale samlingar, eigenstudie og arbeidsgrupper som kursdeltakarane sjølv organiserer.
Læringsforma tar utgangspunkt i at deltakarane skal få mye tid samen til formell og uformell læring i og utanfor samlingane. Både i undervisninga og under gruppearbeid og øvingar, er dialog og aktiv medvirkning ei forutsetning. I tillegg til ordinære forelesningar, blir det lagt stor vekt på at deltakarene gjennom gruppearbeid, øvingar og erfaringsutveksling skal lære å knytte teorien til eigne erfaringar og arbeidsoppgåver.
Til kurset er det knytt undervisningskrefter med god teoretisk og praktisk fagkompetanse. Det blir også brukt læremidlar som er relevante for kursdeltakaranes arbeidsoppgåver.
Alle samlingane er øvingsbaserte der kommunikasjon mellom deltakarane for å løyse eigne og andre sine planleggingsutfordringar står sentralt. Derfor er det krav om obligatorisk oppmøte på disse (80%).
Ei eiga kvalitetsvurdering blir gjennomført for kvar samling og kvart kurs.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual or Group exam | Semesters | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Digital eksamen. | Eksamen i emnet er ei innlevert mappe med eit prosjektnotat. Studentane får rettleiing undervegs og prosjektnotatet består av to delar: Del 1) Prosessdesign/prosessplan. Den første delen skal formast som ein prosessdesign/prosessplan for eit aktuelt plan- og utviklingsarbeid i eit lokalsamfunn eller ein organisasjon. Denne delen av prosjektnotatet kan vere eit gruppearbeid, og den bør vere på om lag 3000 ord. Del 2) Drøfting. Den andre delen skal vere ei fagleg begrunning av aktivitetar og tiltak i designen. Drøftinga bør ta utgangspunkt i styrke og svakheiter ved designen og måten designen har blitt til på. Drøftinga bør også identifisere kritiske punkt i designen, velje ut nokre av teknikk- og metodevala og faglig begrunne dei. Denne delen av prosjektnotatet skal vere individuell, og skal vere på 3000 ord (+/-10 %). Litteraturlista og evt, vedlegg tel ikkje med i talet på ord. Dersom prosessdesign/prosessplan (del 1) vert utarbeidd i ei gruppe, har kvar gruppedeltakar høve til å foreslå endringar/forbetringar i drøftingsdelen (del 2), og nye forslag/forbetringar må gå tydeleg fram. Mappa skal leverast som eitt individuelt prosjektnotat/dokument, og delane prosessdesign (del 1) og drøfting (del 2) må gå tydeleg fram av innhaldslista til notatet. |