Semestre
REL142 Kurs i akademisk oppgåveskriving
Emnekode:
REL142
Varighet:
1 semester
Studiepoeng:
5
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester:
2024 Haust
Eksamenssemester:
2024 Haust
Undervisningsspråk:
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen.
Om emnet
Emnet gjev ei innføring i akademisk oppgåveskriving på bachelornivå. Studentane skal i kurset skrive ei oppgåve innanfor humanistiske fag. Denne oppgåva skal utviklast til eksamenssvar på REL142.
Læringsutbytte
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om formelle krav ein må oppfylle ved skriving av oppgåver på 100- og 200-nivå
- har kunnskap om metodiske framgangsmåtar for utforming av akademiske oppgåver
Ferdigheiter
Studenten
- kan formulere og avgrense relevante problemstillingar
- kan analysere og drøfte relevante teoriar, omgrep og synspunkt for ei oppgåve
Generell kompetanse
Studenten
- kan svare på ei problemstilling gjennom logisk argumentasjon
- meistrar forsvarleg bruk av ulike kjelder
Praktisk organisering og arbeidsmåtar
Undervisninga er samlingsbasert. Studentane får individuell rettleiing frå faglærar i arbeidet med oppgåveskrivinga.
Vilkår for å framstille seg til eksamen
Arbeidskrav:
Studenten må ha levert og fått godkjent eit utkast til ei oppgåve innanfor oppgjeven frist.
Sensorordning
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4
Evaluering og kvalitetssikring
Minimumstal:
5
Maksimumstal:
30
Emneansvarleg:
Jostein Garcia de Presno
Emnet inngår i følgande studieprogram
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Oppgåve på 2000 ord (+/- 10 prosent). |
Godkjent av:
Arne Myklebust