Semestre

REL142 Kurs i akademisk oppgåveskriving

Emnekode: 
REL142
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Introduction to academic writing
Emnenavn på bokmål: 
Kurs i akademisk oppgaveskriving
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Emnet gjev ei innføring i akademisk oppgåveskriving på bachelornivå. Studentane skal i kurset skrive ei oppgåve innanfor humanistiske fag. Denne oppgåva skal utviklast til eksamenssvar på REL142. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten 

  • har kunnskap om formelle krav ein må oppfylle ved skriving av oppgåver på 100- og 200-nivå   
  • har kunnskap om metodiske framgangsmåtar for utforming av akademiske oppgåver 
Ferdigheiter

Studenten 

  • kan formulere og avgrense relevante problemstillingar  
  • kan analysere og drøfte relevante teoriar, omgrep og synspunkt for ei oppgåve  
Generell kompetanse

Studenten 

  • kan svare på ei problemstilling gjennom logisk argumentasjon
  • meistrar forsvarleg bruk av ulike kjelder
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er samlingsbasert. Studentane får individuell rettleiing frå faglærar i arbeidet med oppgåveskrivinga.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav: 

Studenten må ha levert og fått godkjent eit utkast til ei oppgåve innanfor oppgjeven frist.

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Mathias Nygaard
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Språk og litteratur - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Oppgåve på 2000 ord (+/- 10 prosent).
Godkjent av: 
Arne Myklebust