Semestre

REL142 Kurs i oppgåveskriving for religionsfag

Emnekode: 
REL142
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Haust
Eksamenssemester: 
2017 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet gjev ei innføring i vitskapleg oppgåveskriving på bachelornivå. Studentane skal i løpet av kurset skrive ei oppgåve med eit religionsfagleg tema. Denne oppgåva skal utviklast til eksamensbesvarelse på REL142. Kurs i oppgåveskriving (REL142) kan også takast som ein sjølvstendig del og tilpassast andre fagstudium ved Høgskulen.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har

- kunnskap om formelle krav ein må oppfylle ved skriving av oppgåver på 100- og 200-nivå

- kunnskap om metodiske framgangsmåtar for utforminga av akademiske oppgåver 

Ferdigheiter

Studenten

- er i stand til å formulere og avgrense relevante problemstillingar

- kan analysere og drøfte relevante teoriar, omgrep og synspunkt for ei oppgåve

Generell kompetanse

Studenten

- er i stand til å svare på ei problemstilling gjennom logisk argumentasjon

- meistrer forsvarleg bruk av ulike kjelder

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga går føre seg i seminar. Studentane får individuell rettleiing frå faglærar i arbeidet med oppgåveskrivinga. Det vil bli også bli organisert eit seminar der studentane skal kommentere kvarandre sine utkast. 

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav: Studenten må ha levert og fått godkjent eit utkast til ei oppgåve innanfor oppgjeven frist. Utkastet skal innehalde materiale, problemstilling, metode og disposisjon. 

 

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

 

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Mathias Nygaard
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelor i religion og livssyn
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Med utgangspunkt i oppgåveutkastet og responsane frå lærar og studentar skriv studenten ei eksamensoppgåve på maksimum 8000 teikn utan mellomrom (ca. 4 sider). Oppgåva skal leverast innan ein fastsett frist.
Maksimum 3000 ord
Maksimum 8000 teikn utan mellomrom (ca. 4 sider).