Semestre

REL142 Kurs i oppgåveskriving for religionsfag

Emnekode: 
REL142
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
5
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2019 Haust
Eksamenssemester: 
2019 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Emnet gjev ei innføring i vitskapleg oppgåveskriving på bachelornivå. Studentane skal i kurset skrive ei oppgåve med eit religionsfagleg tema. Denne oppgåva skal utviklast til eksamenssvar på REL142. Kurset kan også takast som ein sjølvstendig del og tilpassast andre fagstudium ved høgskulen.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

- kunnskap om formelle krav ein må oppfylle ved skriving av oppgåver på 100- og 200-nivå

- kunnskap om metodiske framgangsmåtar for utforming av akademiske oppgåver 

Ferdigheiter

Studenten

- er i stand til å formulere og avgrense relevante problemstillingar

- kan analysere og drøfte relevante teoriar, omgrep og synspunkt for ei oppgåve

Generell kompetanse

Studenten

- er i stand til å svare på ei problemstilling gjennom logisk argumentasjon

- meistrar forsvarleg bruk av ulike kjelder

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga går føre seg i seminar. Studentane får individuell rettleiing frå faglærar i arbeidet med oppgåveskrivinga. Det vil bli også bli organisert eit seminar der studentane skal kommentere kvarandre sine utkast. 

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav: Studenten må ha levert og fått godkjent eit utkast til ei oppgåve innanfor oppgjeven frist. Utkastet skal innehalde materiale, problemstilling, metode og disposisjon. 

 

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Ralph Meier
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelor i religion og livssyn
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Med utgangspunkt i oppgåveutkastet og responsane frå lærar og studentar skriv studenten ei eksamensoppgåve på maksimum 3000 ord. Oppgåva skal leverast innan ein fastsett frist.
Maksimum 3000 ord.