Semestre
REL153 Religion, media og populærkultur
Ingen
Emnet gjer ein introduksjon til korleis religion og religiøse uttrykk kjem til uttrykk i media og populærkulturen. Media og populærkultur er i dag ei viktig kjelde til kunnskap om og forståing av religionar og deira innverknad på individ og samfunn. Religiøse uttrykk brukast også i populærkulturen fordi dei er lette å kjenne igjen og lett å omsette til produkt som kan seljast. Dette emnet vil gje kunnskap om medialiseringa av religion. Emnet presenterer konkrete døme på korleis religion vert framstilt på ulike måtar i media og populærkulturelle uttrykk som film, TV-seriar, musikk og litteratur.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om forholdet mellom religion og media i eit fleirkulturelt samfunn
- har kunnskap om populærkulturen sin bruk av religiøse forteljingar og motiv
- har kunnskap om meiningsdanning og verdiformidling gjennom populærkulturelle uttrykk
- har kunnskap om medias påverknad på sosialisering
Studenten
- kan drøfte rolla til religion og media i eit fleirkulturelt samfunn
- kan utforske og analysere framstillinga av religion i populærkulturen
- kan bruke digitale reiskapar for å utforske religion og livssyn i populærkulturen
- kan anvende relevante digitale verktøy
Studenten
- kan bruke kunnskapen til å formidle fagstoff om forhaldet mellom religion, media og populærkultur
- kan reflektere kritisk over forhaldet mellom religion, media og populærkultur i eit fleirkulturelt samfunn
- har grunnleggande digital kompetanse
Undervisninga vert gjeven i form av forelesingar og gruppearbeid både på samlingar ved Høgskulen i Volda og digitalt. Det vert tre fysiske samlingar i semesteret, kvar på to dagar. I tillegg vert det studentarbeid og ulike digitale møtepunkt. Det primære ansvaret for læringsutbytet ligg hjå studenten sjølv gjennom lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar, førebuing og aktiv deltaking i undervisninga.
Emnet nyttar den digitale læringsplattforma Canvas.
Frammøtekrav:
Det er krav om 75% frammøte til undervisninga, jf. § 6-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav:
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten ha fått godkjent to faglege arbeid:
- ei oppgåve på 1500 ord
- ei oppgåve på 1500 ord og munnleg presentasjon
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4
- Historie - bachelor
- Religion, kultur og samfunn - årsstudium (samlingsbasert)
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Studenten vel sjølv om eksamen skrivast på norsk eller engelsk. | 2500 ord. | ||
Munnleg justerande eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet. Studenten vel sjølv om eksamen skjer på norsk eller engelsk. |