Semestre

REL153 Livstolking i populærkulturen

Emnekode: 
REL153
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Populærkulturen spelar ei vesentleg rolle for livstolkinga til mange menneske i dag. Emnet vil gi kunnskap om korleis populærkulturen i eit fleirkulturelt samfunn tematiserer religion og livstolking. Emnet gir ei kort innføring i kulturomgrepet og i kulturmangfaldet i Noreg i dag. Det vert lagt vekt på tilhøvet mellom religion og kultur, kulturmangfald og verdiar. Emnet gir vidare innblikk i korleis populærkulturen kan vere kjelde til og arena for livstolking. Det vert fokusert på film som bidrag til livstolking, og korleis meiningsdanning kan skje i møte med film. Sentrale tema er populærkulturen som livssynsmarknad, tilhøvet mellom religion og media og korleis religiøse motiv blir brukt og omforma på film. Emnet gir også hjelp til å utvikle digital dømmekraft i møte med populærkulturelle uttrykk. Det vert lagt vekt på media literacy, kritiske perspektiv på mediebilde av religion og fiendebilde i populærkulturen. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar
  • forholdet mellom religion og media i det fleirkulturelle Noreg  

  • populærkulturen sin bruk av religiøse forteljingar og motiv  

  • meiningsdanning og livstolking med utgangspunkt i populærkulturelle uttrykk  

  • medias påverknad på sosialiseringa til barn og ungdom  

Ferdigheiter
  • til å kunne drøfte rolla til religion og media i det fleirkulturelle Noreg  

  • til å kunne utforske og analysere framstillinga av religion i populærkulturen  

  • til å kunne bruke digitale reiskapar for å utforske religion og livssyn i populærkulturen  

Generell kompetanse
  • til å kunne bruke kunnskapen frå emnet i ein yrkessamanheng    

  • til å kunne reflektere kritisk over forholdet mellom populærkultur, livstolking og media i eit fleirkulturelt samfunn  

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga skjer gjennom førelesinger og seminar. Det er obligatorisk frammøte (80%) til undervisninga, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Det primære ansvaret for læringsutbyttet ligg hos studenten gjennom eiga lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar og aktiv deltaking i undervisninga. Emnet nyttar den digitale plattforma Canvas. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: 

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga (80%), jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

 

Arbeidskrav:

For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten:ha fått godkjent to faglege arbeid: 

  • ei oppgåve på 1500 ord 

  • ei oppgåve på 1500 ord og munnleg presentasjon 

 

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Ralph Meier
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Historie - bachelor
  • Religion, kultur og samfunn - årsstudium (samlingsbasert)
  • Religion, kultur og samfunn 30 stp
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
2500 ord.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet.
Godkjent av: 
Arne Myklebust