Semesters
REL153 Livstolking i populærkulturen
Ingen
Populærkulturen spelar ei vesentleg rolle for livstolkinga til mange menneske i dag. Emnet vil gi kunnskap om korleis populærkulturen i eit fleirkulturelt samfunn tematiserer religion og livstolking. Emnet gir ei kort innføring i kulturomgrepet og i kulturmangfaldet i Noreg i dag. Det vert lagt vekt på tilhøvet mellom religion og kultur, kulturmangfald og verdiar. Emnet gir vidare innblikk i korleis populærkulturen kan vere kjelde til og arena for livstolking. Det vert fokusert på film som bidrag til livstolking, og korleis meiningsdanning kan skje i møte med film. Sentrale tema er populærkulturen som livssynsmarknad, tilhøvet mellom religion og media og korleis religiøse motiv blir brukt og omforma på film. Emnet gir også hjelp til å utvikle digital dømmekraft i møte med populærkulturelle uttrykk. Det vert lagt vekt på media literacy, kritiske perspektiv på mediebilde av religion og fiendebilde i populærkulturen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
forholdet mellom religion og media i det fleirkulturelle Noreg
populærkulturen sin bruk av religiøse forteljingar og motiv
meiningsdanning og livstolking med utgangspunkt i populærkulturelle uttrykk
medias påverknad på sosialiseringa til barn og ungdom
til å kunne drøfte rolla til religion og media i det fleirkulturelle Noreg
til å kunne utforske og analysere framstillinga av religion i populærkulturen
til å kunne bruke digitale reiskapar for å utforske religion og livssyn i populærkulturen
til å kunne bruke kunnskapen frå emnet i ein yrkessamanheng
til å kunne reflektere kritisk over forholdet mellom populærkultur, livstolking og media i eit fleirkulturelt samfunn
Undervisninga skjer gjennom førelesinger og seminar. Det er obligatorisk frammøte (80%) til undervisninga, jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Det primære ansvaret for læringsutbyttet ligg hos studenten gjennom eiga lesing, oppgåveskriving, samarbeid med andre studentar og aktiv deltaking i undervisninga. Emnet nyttar den digitale plattforma Canvas.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til undervisninga (80%), jf. § 4-6 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav:
For å kunne gå opp til eksamen i emnet må studenten:ha fått godkjent to faglege arbeid:
ei oppgåve på 1500 ord
ei oppgåve på 1500 ord og munnleg presentasjon
- Christianity, Religion and World Views - Year Course
- Cristianity, Religions and World Views
- History - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 2500 ord. | |||
Adjusting oral examination | Individual | 30 Minutes | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 | Munnleg justerande eksamen fastset den endelege karakteren i emnet. |