Semestre
- 2025 Haust
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
RUS301 Rus som kulturelt og sosialt fenomen
Ingen
I Rus som kulturelt og sosialt fenomen studerer vi rusmiddelbruk og rusproblematikk ut i frå forskingsbasert kunnskap frå fleire fagområde, med vekt på sosiologiske og psykologiske tilnærmingar. Vi er opptekne av spørsmål som; kva er avhengigheit, kva for sosiale funksjonar har rusmiddelbruk, kva betyr rusmiddelbruk i samfunnet vårt, og kva for konsekvensar har rusmiddelbruk for den enkelte, for pårørande, for arbeidslivet og for samfunnet som heilskap?
Emnet har tre temaområde:
Tema 1) Ulike perspektiv på bruk og avhengigheit av rusmiddel
- Avhengigheit som fenomen
- Rusmiddelbruk og marginalisering
- Bruk av rusmiddel i historisk perspektiv
- Sosiale og kulturelle funksjonar ved rusmiddelbruk
Tema 2) Bruk av rusmiddel i familie- og kjønnsperspektiv
- Bruk av rusmiddel i ulike livsfasar (ungdom, vaksne, eldre)
- Born i familiar der det er rusmiddelproblematikk
- Kjønnsskilnader i bruk av rusmiddel
Tema 3) Rus og samfunn
- Ruspolitiske føringar, politikkutforming og rettsreglar
- Rus og arbeidsliv
- Rus, vald og kriminalitet
- Rus og sjølvmord
Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, og det blir forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane. Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom der dei mellom anna kan laste ned førelesingar og program for samlingane. Der kan studentane også kommunisere med faglærarar og medstudentar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- inngåande kunnskap om viktige trekk ved rusmiddelbruken til ulike grupper i Noreg
- avansert kunnskap om ulike måtar å forstå rusmiddelbruk og rusavhengigheit på
Studenten skal kunne
- hente inn og presentere samfunnsvitskapleg og psykologisk forsking og teoriar om rusmiddelbruk, rusåtferd og rusmiddelproblem
- forstå og analysere rusmiddelbruk, rusåtferd og rusproblem som samfunnsskapte og kulturavhengige fenomen
Studenten skal kunne
- analysere og reflektere kritisk over ulike forståingar av rusmiddelbruk, rusmiddelbrukarar og rusproblem som han eller ho møter i yrkessamanheng
- analysere og reflektere kritisk over eiga rolle som profesjonell i møte med menneske med rusproblem
Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisinga er konsentrert til tre vekesamlingar, med fire underviningsdagar på kvar samling. Den femte dagen er studiedag. Meir praktisk informasjon kjem når det nærmar seg studiestart.
Det er krav om minst 75 % frammøte på samlingane.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem
- Helse- og sosialfag - master
- Helse- og sosialfag - master (deltid)
- Rus - samfunnsproblem, førebygging og behandling
- Samfunnsplanlegging og leiing - master
- Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Alle. | 4000 ord (+/-10%) | |
Skriftleg eksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Digital eksamen. | Ingen. |