Semestre
- 2025 Haust
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
RUS301 Rus som kulturelt og sosialt fenomen
Ingen
I Rus som kulturelt og sosialt fenomen studerer vi rusmiddelbruk og rusproblematikk ut i frå forskingsbasert kunnskap frå fleire fagområde, med vekt på sosiologiske og psykologiske tilnærmingar. Vi er opptekne av spørsmål som; kva er avhengigheit, kva for sosiale funksjonar har rusmiddelbruk, kva betyr rusmiddelbruk i samfunnet vårt, korleis kan ein førebyggje problematisk rusmiddelbruk og kva konsekvensar har rusmiddelbruk for den enkelte, for pårørande, for arbeidslivet og for samfunnet som heilskap?
Emnet har tre temaområde:
Tema 1) Ulike perspektiv på bruk og avhengigheit av rusmiddel
- Avhengigheit som fenomen
- Rusmiddelbruk og marginalisering
- Sosiale og kulturelle funksjonar ved rusmiddelbruk
Tema 2) Bruk av rusmiddel i familie- og kjønnsperspektiv
- Bruk av rusmiddel i ulike livsfasar (ungdom, vaksne, eldre)
- Born i familiar der det er rusmiddelproblematikk
- Kjønnsskilnader i bruk av rusmiddel
Tema 3) Rus og samfunn
- Ruspolitiske føringar, politikkutforming og rettsreglar
- Førebyggingsstrategiar
- Rus og arbeidsliv
- Rus og sjølvmord
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha inngåande kunnskap om
- viktige trekk ved rusmiddelbruken i ulike grupper i Noreg
- ulike måtar å forstå rusmiddelbruk og rusavhengigheit på
- rusførebyggande tiltak på overordna nivå og kjennskap til ulike former for rusførebyggande arbeid
Studenten skal kunne
- hente inn og presentere samfunnsvitskapleg og psykologisk forsking og teoriar om rusmiddelbruk, rusåtferd og rusmiddelproblem
- forstå og analysere rusmiddelbruk, rusåtferd og rusproblem som samfunnsskapte og kulturavhengige fenomen
- kritisk vurdere ruspolitiske føringar og førebyggande tiltak
Studenten skal kunne
- analysere og reflektere kritisk over ulike forståingar av rusmiddelbruk, rusmiddelbrukarar og rusproblem som han eller ho møter i yrkessamanheng
- analysere og reflektere kritisk over eiga rolle som profesjonell i møte med menneske med rusproblem, pårørande og personar som står i fare for å utvikle rusproblem
Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisinga er konsentrert til tre vekesamlingar, med inntil fire undervisningsdagar på kvar samling. Meir praktisk informasjon kjem når det nærmar seg studiestart.
Samling 1: Veke 35
Samling 2: Veke 40
Samling 3: Veke 44
Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, der vi legg stor vekt på dialog og studentdeltaking. Vi nyttar læringsverktyet Canvas til informasjon og deling av læringsressursar. Der kan studentane også kommunisere med faglærarar og medstudentar.
Noko av undervisninga kan skje digitalt (t.d. via Zoom), og i slike situasjonar må studentane forvente å måtte ha kamera og lyd slått på. Dette er nødvendig for å få til det samspelet og dialogane som studiet er bygt på, og såleis sikre at ein når kompetansemåla om å kunne reflektere kritisk over ulike forståingar ein møter i yrkessamanheng, og over eiga rolle som profesjonell. Studentar kan søkje om dispensasjon til å få delta anonymt på zoom. Behovet må grunngjevast. Dette er i samsvar HVO si retningslinje for strøyming, §5 og GDPR art 6(1) e).
Det er krav om deltaking i artikkelseminar og gruppearbeid knytt til dette.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §5-11.
- Helse- og sosialfag - master
- Helse- og sosialfag - master (deltid)
- Samfunnsplanlegging og leiing - master
- Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Alle. | 4000 ord (+/-10%) | |
Skriftleg eksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | 1 word-fil. |