Semestre

RUS301 Rus som kulturelt og sosialt fenomen

Emnekode: 
RUS301
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

I Rus som kulturelt og sosialt fenomen studerer vi rusmiddelbruk og rusproblematikk ut i frå forskingsbasert kunnskap frå fleire fagområde, med vekt på sosiologiske og psykologiske tilnærmingar. Vi er opptekne av spørsmål som; kva er avhengigheit, kva for sosiale funksjonar har rusmiddelbruk, kva betyr rusmiddelbruk i samfunnet vårt, korleis kan ein førebyggje problematisk rusmiddelbruk og kva for konsekvensar har rusmiddelbruk for den enkelte, for pårørande, for arbeidslivet og for samfunnet som heilskap?

Emnet har tre temaområde: 

Tema 1) Ulike perspektiv på bruk og avhengigheit av rusmiddel

  • Avhengigheit som fenomen
  • Rusmiddelbruk og marginalisering  
  • Bruk av rusmiddel i historisk perspektiv
  • Sosiale og kulturelle funksjonar ved rusmiddelbruk

Tema 2) Bruk av rusmiddel i familie- og kjønnsperspektiv

  • Bruk av rusmiddel i ulike livsfasar (ungdom, vaksne, eldre) 
  • Born i familiar der det er rusmiddelproblematikk
  • Kjønnsskilnader i bruk av rusmiddel

Tema 3) Rus og samfunn

  • Ruspolitiske føringar, politikkutforming og rettsreglar
  • Førebyggingsstrategiar
  • Rus og arbeidsliv
  • Rus og kriminalitet
  • Rus og sjølvmord
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • inngåande kunnskap om viktige trekk ved rusmiddelbruken til ulike grupper i Noreg
  • avansert kunnskap om ulike måtar å forstå rusmiddelbruk og rusavhengigheit på
  • kunnskap om rusførebyggande tiltak på overordna nivå og kjennskap til ulike former for rusførebyggande arbeid
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • hente inn og presentere samfunnsvitskapleg og psykologisk forsking og teoriar om rusmiddelbruk, rusåtferd og rusmiddelproblem
  • forstå og analysere rusmiddelbruk, rusåtferd og rusproblem som samfunnsskapte og kulturavhengige fenomen
  • bruke kunnskap om førebygging til å vurdere rusmiddelpolitikk og ha ferdigheiter i å drive rusførebyggande arbeid 
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • analysere og reflektere kritisk over ulike forståingar av rusmiddelbruk, rusmiddelbrukarar og rusproblem som han eller ho møter i yrkessamanheng
  • analysere og reflektere kritisk over eiga rolle som profesjonell i møte med menneske med rusproblem, pårørande og personar som står i fare for å utvikle rusproblem
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisinga er konsentrert til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar på kvar samling. Den femte dagen er studiedag. Meir praktisk informasjon kjem når det nærmar seg studiestart.

Samling 1: Veke 36

Samling 2: Veke 40 

Samling 3: Veke 45

Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, og det blir forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane. Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom der dei mellom anna kan laste ned førelesingar og program for samlingane. Der kan studentane også kommunisere med faglærarar og medstudentar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er krav om deltaking på 2 av 3 samlingar (eller 65% av tida på samlingane). Det er i tillegg krav om deltaking på Artikkelseminar. 

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Silje Louise Dahl
Vidar Kjetil Myklebust
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Helse- og sosialfag - master
  • Helse- og sosialfag - master (deltid)
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master
  • Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Alle.
4000 ord (+/-10%)
Heimeeksamen
Individuell
5 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Digital eksamen. 1 word-fil.
Alle
Godkjent av: 
Randi Bergem 18.02.2020