Semestre

SAJ101 Innføring i norsk samfunnsliv

Emnekode: 
SAJ101
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet tek føre seg offentleg forvaltning på ulike nivå, grunnleggande oversikt over norsk historie etter 1945 og arbeidslivets viktige institusjonar som regulerer forholdet mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. Emnet tek også føre seg sentrale problemstillingar knytt til velferdsstaten, rettspleie og kriminalpolitikk, samt likestilling, innvandring og utanrikspolititiske forhold.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha grunnleggande

  • oversikt over offentleg forvalting på ulike nivå
  • oversikt over norsk historie sidan 1945
  • kunnskap om arbeidslivets viktige institusjonar som regulerer forholdet mellom arbeidsgjevarar og arbeidstakarar
  • kunnskap om sentrale problemstillingar innanfor norsk rettspleie og kriminalpolitikk
  • kunnskap om den norske velferdsstaten, likestilling og sentrale internasjonale institusjonar
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • skrive kronikkar med drøfting av sentrale samfunnsmessige tema
  • reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing 
Generell kompetanse

Studenten skal

  • kunne setje seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • kunne handtere informasjonsmengder og systematisere kunnskap
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet vert undervist ved førelesingar, gruppe- og temaseminar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • Deltaking på kronikk-seminara.

Arbeidskrav:

  • Kvar student skal skrive tre (3) kronikkar i løpet av emnet. Kronikkane skal vere knytt til tidsaktuelle eller tidlause politiske problemstillingar i det norske samfunnet som blir delt ut i fyrste halvdel av semesteret. 
  • To av kronikkane skal leggast fram på to seminar der medstudentar og lærarar skal kommentere desse. 
  • Deltaking i evaluering av emnet.
Sensorordning
Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
110
Emneansvarleg: 
Idar Flo
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk - bachelor
  • PR, kommunikasjon og media - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Kate Kartveit