Semestre
- 2024 Haust
- 2023 Haust
- 2022 Haust
- 2021 Haust
- 2020 Haust
- 2019 Haust
- 2018 Haust
- 2017 Haust
- 2016 Haust
- 2015 Haust
SAJ101 Innføring i norsk samfunnsliv
Ingen
Emnet tek føre seg offentleg forvaltning på ulike nivå, grunnleggande oversikt over norsk historie etter 1945 og arbeidslivets viktige institusjonar som regulerer forholdet mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. Emnet tek også føre seg sentrale problemstillingar knytt til velferdsstaten, rettspleie og kriminalpolitikk, samt likestilling, innvandring og utanrikspolititiske forhold.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha grunnleggande
- oversikt over offentleg forvalting på ulike nivå
- oversikt over norsk historie sidan 1945
- kunnskap om arbeidslivets viktige institusjonar som regulerer forholdet mellom arbeidsgjevarar og arbeidstakarar
- kunnskap om sentrale problemstillingar innanfor norsk rettspleie og kriminalpolitikk
- kunnskap om den norske velferdsstaten, likestilling og sentrale internasjonale institusjonar
Studenten skal kunne
- skrive kronikkar med drøfting av sentrale samfunnsmessige tema
- reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Studenten skal
- kunne setje seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
- kunne handtere informasjonsmengder og systematisere kunnskap
Emnet vert undervist ved førelesingar, gruppe- og temaseminar.
Frammøtekrav:
- Deltaking på kronikk-seminara.
Arbeidskrav:
- Kvar student skal skrive tre (3) kronikkar i løpet av emnet. Kronikkane skal vere knytt til tidsaktuelle eller tidlause politiske problemstillingar i det norske samfunnet som blir delt ut i fyrste halvdel av semesteret.
- To av kronikkane skal leggast fram på to seminar der medstudentar og lærarar skal kommentere desse.
- Deltaking i evaluering av emnet.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Journalistikk - bachelor
- PR, kommunikasjon og media - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |