Semestre

SAJ101 Innføring i norsk samfunnsliv

Emnekode: 
SAJ101
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Haust
Eksamenssemester: 
2023 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emnet tek føre seg offentleg forvaltning, grunnleggande oversikt over norsk historie etter 1945 og arbeidslivets viktige institusjonar som regulerer forholdet mellom arbeidsgjevar og arbeidstakar. Emnet tek også føre seg sentrale problemstillingar knytt til velferdsstaten, rettspleie og kriminalpolitikk, samt likestilling, innvandring og utanrikspolititiske forhold.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • grunnleggande oversikt over offentleg forvalting på ulike nivå
  • grunnleggande oversikt over norsk historie sidan 1945
  • grunnleggande kunnskap om arbeidslivets viktige institusjonar som regulerer forholdet mellom arbeidsgjevarar og arbeidstakarar
  • grunnleggande kunnskap om sentrale problemstillingar innanfor norsk rettspleie og kriminalpolitikk
  • grunnleggande kunnskap om den norske velferdsstaten, likestilling og sentrale internasjonale institusjonar
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • skrive kronikkar med drøfting av sentrale samfunnsmessige tema
  • reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing 
Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • setje seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • handtere informasjonsmengder og systematisere kunnskap
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Førelesingar og ulike studentaktive læringsformer som til dømes gruppe- og temaseminar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til kronikk-seminara med 100 prosent deltaking.

Arbeidskrav:

  • kronikkar
  • evaluering av emnet

Arbeidskrava er obligatoriske og må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.

Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i læringsplattforma Canvas ved oppstart av emnet:

  • tal arbeidskrav
  • organisering
  • omfang
  • frist
Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Maksimumstal: 
110
Emneansvarleg: 
Idar Flo
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk - bachelor
  • PR, kommunikasjon og media - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Munnleg eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Kate Kartveit