Semesters

SASOS122 Prosjektpraksis

Course code: 
SASOS122
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Course name in Norwegian Nynorsk: 
Prosjektpraksis
Teaching semester: 
2017 Autumn
Course name in Norwegian Bokmål: 
Prosjekt i praksis
Assessment semester: 
2017 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

SASOS112. Godkjent arbeidskrav i SASOS121.

Course content

Emnet har som mål at studentane skal få kunnskap og erfaring med bruk av prosjektarbeid som arbeidsmåte både i sosialfagleg arbeid og seinare i fleire tverrprofesjonelle samhandlingssituasjonar. Ved å gjennomføre eit undersøkingsprosjekt som er relatert til nærare spesifiserte tema i studiet, skal studentane utvikle kompetanse gjennom intervju, drive anna informasjonshenting, analysere og drøfte materialet relatert til teori, og elles samhandle med kvarandre i gruppe om eit felles mål. Etisk refleksjon med basis i forskingsetikk vil vere gjennomgåande for val som vert gjort gjennom prosjektarbeidet.

Prosjektarbeidet skjer i smågrupper, gjerne på tvers av klassene (SOS og BVP).

Innhald:

  • Studentane vel sjølv tema innanfor fastlagde fordjupingsområde
  • Undervisningstema; samfunnsvitskapleg metode, prosjektpedagogikk, prosjektarbeid, kommunikasjon og samhandling
Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten skal:

  • ha kunnskap om prosjektarbeid som lærings- og arbeidsform
  • ha kunnskap om kvalitativ forskingsmetode
Learning outcome skills

Studenten skal:

  • kunne jobbe prosjektorganisert i samspel med andre
  • kunne velje ut, hente fram og presentere relevant informasjon og fagstoff
Learning outcome qualification

Studenten skal:

  • kunne reflektere over eigen kommunikasjons- og samarbeidsevne

 

Working and learning activities

Prosjektpraksis går føre seg i smågrupper. Gjennomføringa er i all hovudsak studentane sitt ansvar. Studentane vel sjølv tema og utformar problemstilling og har ansvaret for organisering og framdrift. Kvar prosjektgruppe har rettleiar, oppnemnt av instituttet.

Studentar som gjer undersøkinga heilt eller delvis i utlandet kan få særskilde dokumentasjonskrav.

Det blir arrangert studentleia seminar (prosjektforum) der ulike fasar av prosjektarbeidet blir tematisert.

Deltaking vert rekna for heile emnet (dvs. undervisning og seminar), men gjennomføring av munnleg presentasjon av eige prosjekt i desember og deltaking på medstudentane sine presentasjonar, vert rekna for seg. Nærare retningslinjer vil gå fram av semesterplanen.

Alle arbeidskrav i SASOS122 må vere godkjende for å få starte på SASOS125.

Assessment requirements

Arbeidskrav

  1. Prosjektpresentasjon
  2. Skriftleg arbeidskrav (pensumprøve eller liknande). Kravet fell bort dersom studenten kan dokumentere minimum 80% frammøte til undervisningsaktivitetar

Arbeidskrava må vere godkjende til fastsett tid, slik det går fram av semesterplanen.

Obligatorisk deltakingsplikt

  1. deltaking på medstudentane sine presentasjonar av prosjekta i work-shop
Evaluation system

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap. 5.

Evaluation

Emnet har eiga sluttevaluering.

Det er elles etablert fagutval som er samansett av lærarar og tillitsvalde på utdanninga.

Maximum number of students: 
60
Person in charge: 
Roar Stokken
Used in other programs
  • Social Work - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Rapport
Group
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
49
◦Gruppebasert prosjektrapport på omlag 9000 ord.
omlag 9000 ord
Rapport
Individual
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
51
◦Individuell refleksjonsrapport på omlag 2500 ord
omlag 2500 ord
Approval signature: 
Odd Ragnar Hunnes 24.02.17