Semestre
SP2-110KFK Språk-, matematikk- og leseutvikling
Ingen.
Emnet omhandlar vanskar knytt til språk, lesing, skriving og matematikk, og korleis legge til rette for utvikling og læring på desse områda. Språkleg meistring er ein basisføresetnad for ein inkluderande skule. Emnet vil gi kunnskap om korleis skulen kan bygge opp den språklege plattforma hos elevane for å gi eit godt grunnlag for lesing, skriving og rekning. Å skape forståing for viktige element i utviklinga av elevane sin kompetanse og korleis praktisk møte dei i opplæringa i skriving, lesing og matematikk er såleis viktige delemne. Det blir gitt eit kontekstuelt og interaktivt perspektiv på utfordringar knytt til språk, lesing, skriving og rekning. Samtidig blir det også peika på korleis legge til rette for læring og utvikling innanfor desse områda.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- har avansert kunnskap om ulike teoretiske perspektiv på språk- og kommunikasjon
- kan analysere faglege problemstillingar om språkvanskar, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar og samanhengane mellom desse
Kandidaten
- forstår og analyserer vanskar innan områda språk, lesing og skriving og matematikk
- kan legge til rette og vurdere læringsaktiviteter for barn og elevar med språkvanskar, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar
Kandidaten
- kan anvende sine kompetansar og ferdigheiter med tilrettelegging og vurdering av opplegg ved skriftspråklege vanskar, språkvanskar og matematikkvanskar
- kan identifisere og analysere elevar si utvikling innan matematikk, språk-, lese-, og skriveutvikling
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar, mellomarbeid, arbeid i grupper og individuelt arbeid.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.
Arbeidskrav
- Teoretisk refleksjonstekst med sjølvvald problemstilling.
- Multimodal tekst knytt til sentrale tema frå emnet.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Spesialpedagogikk 1.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 3000 ord +/- 10% |