Semestre

SP2-110KFK Språk-, matematikk- og leseutvikling

Emnekode: 
SP2-110KFK
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Vår
Eksamenssemester: 
2020 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Studiet vil ha eit kontekstuelt og interaktivt perspektiv på temaet som understrekar utfordringa skulen har for å gi inkluderande og tilpassa opplæring til alle barn/elevar. Tema som språkleg utvikling, kognisjon/metakognisjon, forståingsstrategiar/ferdigheiter og sosiale og kulturelle tilhøve vil bli presenterte gjennom førelesingar og pensum. Studiet vil gi kunnskap om korleis skulen kan vere med på å byggje opp den språklege plattforma hos elevane, og slik gi godt grunnlag for lese- og skriveutvikling. Tilhøvet mellom språk og lesing vil stå i sentrum. I tillegg vil matematikkvanskar ha ein viktig plass i studiet. 

Læringsutbytte

Studenten skal ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha inngåande kunnskap om 

  • ulike teoretiske perspektiv på språk- og kommunikasjon 

  • språkleg utvikling og betydninga av språkleg kompetanse 

  • elevar si utvikling i matematikkfaget og betydning av matematisk kompetanse 

  • samanhengen mellom språkvanskar, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar 

  • andrespråksperspektiv på lesing og skriving 

Ferdigheiter

Studenten skal 

  • kunne forstå og analysere vanskar innan områda språk, lesing og skriving og matematikk 

  • legge til rette og vurdere opplegg med tanke på førebygging av skriftspråklege vanskar 

  • legge til rette for ei tilpassa opplæring for personar med språkvanskar, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar 

Generell kompetanse

Studenten skal  

  • ha kunnskap om språkleg utvikling, språkvanskar og betydninga av språkleg kompetanse 

  • ha kunnskap om elevar si utvikling i matematikkfaget og betydning av matematisk kompetanse 

  • ha kunnskap om lese- og skrivevanskar 

  • ha kunnskap om andrespråk perspektiv på lesing og skriving 

  • kunne forstå og analysere vanskar innan områda språk, lesing og matematikk 

  • kunne legge til rette for og vurdere opplegg med tanke på førebygging av skriftspråklege vanskar 

  • kunne legge til rette for ei tilpassa opplæring for personar med språkvanskar, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar, arbeid i mindre grupper og individuelt arbeid. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav:

Studentane skal ha godkjent oppmøte og ha gjennomført og fått godkjent arbeidskrava på emnet.  

Arbeidskrav 1: 

Deltaking på seminar der studentane munnleg skal presentere og drøfte sjølvvald problemstilling til teoretisk refleksjonstekst for medstudentar.  

Teoretisk refleksjonstekst på 2 000 ord (+/- 10 %) med sjølvvald problemstilling.   

Arbeidskrav 2:  

Digital forteljing knytt til sentrale tema frå emnet.  

 

Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Randi Lyngbø Ottesen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Spesialpedagogikk 1.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
1 veke
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
4000 ord +/- 10%