Semestre
SP2-110KFK Språk-, matematikk- og leseutvikling
Studiet vil ha eit kontekstuelt og interaktivt perspektiv på temaet som understrekar utfordringa skulen har for å gi inkluderande og tilpassa opplæring til alle barn/elevar. Tema som språkleg utvikling, kognisjon/metakognisjon, forståingsstrategiar/ferdigheiter og sosiale og kulturelle tilhøve vil bli presenterte gjennom førelesingar og pensum. Studiet vil gi kunnskap om korleis skulen kan vere med på å byggje opp den språklege plattforma hos elevane, og slik gi godt grunnlag for lese- og skriveutvikling. Tilhøvet mellom språk og lesing vil stå i sentrum. I tillegg vil matematikkvanskar ha ein viktig plass i studiet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha inngåande kunnskap om
ulike teoretiske perspektiv på språk- og kommunikasjon
språkleg utvikling og betydninga av språkleg kompetanse
elevar si utvikling i matematikkfaget og betydning av matematisk kompetanse
samanhengen mellom språkvanskar, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar
andrespråksperspektiv på lesing og skriving
Studenten skal
kunne forstå og analysere vanskar innan områda språk, lesing og skriving og matematikk
legge til rette og vurdere opplegg med tanke på førebygging av skriftspråklege vanskar
legge til rette for ei tilpassa opplæring for personar med språkvanskar, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar
Studenten skal
ha kunnskap om språkleg utvikling, språkvanskar og betydninga av språkleg kompetanse
ha kunnskap om elevar si utvikling i matematikkfaget og betydning av matematisk kompetanse
ha kunnskap om lese- og skrivevanskar
ha kunnskap om andrespråk perspektiv på lesing og skriving
kunne forstå og analysere vanskar innan områda språk, lesing og matematikk
kunne legge til rette for og vurdere opplegg med tanke på førebygging av skriftspråklege vanskar
kunne legge til rette for ei tilpassa opplæring for personar med språkvanskar, lese- og skrivevanskar og matematikkvanskar
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar, arbeid i mindre grupper og individuelt arbeid.
Arbeidskrav:
Studentane skal ha godkjent oppmøte og ha gjennomført og fått godkjent arbeidskrava på emnet.
Arbeidskrav 1:
Deltaking på seminar der studentane munnleg skal presentere og drøfte sjølvvald problemstilling til teoretisk refleksjonstekst for medstudentar.
Teoretisk refleksjonstekst på 2 000 ord (+/- 10 %) med sjølvvald problemstilling.
Arbeidskrav 2:
Digital forteljing knytt til sentrale tema frå emnet.
- Spesialpedagogikk 1.-10. trinn, Kompetanse for kvalitet
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 1 veke | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 4000 ord +/- 10% |