Semestre

SPP304 Åtferd og læringsmiljø

Emnekode: 
SPP304
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2026 Vår
Eksamenssemester: 
2026 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

I emnet er omgrepa åtferd og læringsmiljø og samanhengen mellom dei hovudsak. Læringsmiljø er eit omfattande omgrep, ofte forstått som kulturelle, relasjonelle og fysiske tilhøve i barnehage og skule som er vesentlege for læring, helse og trivsel. Siktemålet er å gi innsyn i korleis desse omgrepa og relasjonane mellom dei kan legge eit grunnlag for inkluderande opplæring i barnehage og skule. Studentane skal få innsikt i kva samanhengar det kan vere mellom kvaliteten på læringsmiljøet og ulike åtferdsuttrykk som kjem til syne i ulike situasjonar. Det handlar om å få omfattande kunnskapar om årsaker og tiltak som gjeld vedvarande utfordringar i arbeidet i barnehage og skule; at nokre syner ei åtferd som hemmar eiga utvikling og læring. I mange høve kan slik åtferd også forstyrre eller hindre verksemda i gruppa eller klassen.

Studentane skal gjennomføre eit feltarbeid i barnehage og/eller skule, der dei undersøkjer kva som er gjort for at læringsmiljøet skal skape gode vilkår for læring og utvikling for alle. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten  

  • har grundig teoretisk og praktisk kunnskap om åtferd og læringsmiljø og relasjonen mellom dei i barnehage og skule 
  • har inngåande kunnskap om endrings- og implementeringsprosessar som kan bidra til å betre læringsmiljø i barnehage og skule 
  • har grundig kunnskap om ulike faglege tilnærmingar for å endre arbeidet i barnehage og skule meir i samsvar med ideala knytte til inkluderande opplæring
Ferdigheiter

Kandidaten 

  • kan analysere og ta i bruk kunnskap om korleis skape inkluderande læringsmiljø i  praksis 
  • kan analysere og forstå åtferd både i eit individ- og eit systemperspektiv 
  • kan anvende kunnskap om endring og implementering for å iverksette individ- og systemretta tiltak knytt til læringsmiljø og åtferd i barnehage og skule  
  • evnar å hente inn empiri for å analysere og drøfte innhald og arbeidsformer i barnehage og skule ut frå sentrale perspektiv på læringsmiljø
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan leie læringsarbeid gjennom å auke kapasiteten til å handtere utfordringar knytt til åtferd i barnehage og skule
  • forstår sambandet mellom kvaliteten på læringsmiljøet og barn, unge og vaksne sine ulike åtferdsuttrykk, og kunne iverksette relevante tiltak
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert med samlingar over to dagar om lag kvar fjerde veke. Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, innhenting av kunnskap frå praksisfeltet, studentseminar og gruppearbeid. Studentaktive arbeidsformer på samlingane vil bli vekta. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøte

Det er krav om 70 % frammøte til all undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda

Arbeidskrav

Emnet har tre arbeidskrav som utgjer ein del av prosessen fram mot semesteroppgåva, som også er eksamensoppgåva. Alle må vere godkjende for å kunne framstille seg til eksamen.

  • Arbeidskrav 1: Gruppearbeid der ein på grunnlag av gitte problemstillingar utformar eit kunnskapsgrunnlag som skal presenterast i studentseminar.
  • Arbeidskrav 2: Gruppa skal gje ein førebudd opposisjon til ei anna gruppe sitt arbeid. 
  • Arbeidskrav 3: Individuelt feltarbeid der funn og førebelse analysar av desse blir presentert i studentseminar.  
Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Anne Randi Fagerlid Festøy
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Spesialpedagogikk - master
  • Spesialpedagogikk - master (deltid)
  • Spesialpedagogikk - vidareutdanning
  • Spesialpedagogikk - vidareutdanning (deltid)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Semesteroppgåve
Oppgåva skal vere på 4000 ord +/- 10%.
Godkjent av: 
Arne Myklebust