Semestre

SRS101N Demokrati og medborgarskap

Emnekode: 
SRS101N
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Om emnet

Emnet gir ei innføring i samfunnsdidaktikk og samfunnsvitskapleg teori og metode, og i samfunnsfaget som skulefag. Emnet gir også ei tverrfagleg innføring i sentrale tema i faget. Skulen si rolle i samfunnet og korleis skulen kan tilrettelegging for utøving av demokrati og medborgarskap er sentrale tema i dette emnet. Historia om menneskerettane og menneskerettane som undervisningstema er andre viktige tema. Historiske og notidige eksempel på inkludering og ekskludering av urfolk og minoritetar i den norske offentlegheita er også sentralt. Emnet har eit særleg fokus på at studentane skal styrke evna si til å tenke kritisk. Det blir lagt vekt på at studentane skal utvikle kompetansen sin med tanke på kjeldekritikk, bruk av nyhendebilde som ressurs i undervisninga, og å finne fram til relevante kjelder. Studentane skal utvikle evna til å bruke fagomgrep i faglege diskusjonar og i eigen praksis. I arbeidet med dei ulike tematikkane vil studentane opparbeide seg kjennskap til teoretiske og didaktiske perspektiv, som skal bidra til å styrke eigen undervisningspraksis.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha 

  • kunnskap om vitskaplege teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap 

  • kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i samfunnsfaget i skulen 

  • kunnskap om menneskerettar, medborgarskap, demokrati og demokratiseringsprosessar 

  • kunnskap om samane som urfolk, dei nasjonale minoritetane, og om kulturelt mangfald i Noreg 

  • kunnskap om bruk av digitale verktøy i undervisninga  

Ferdigheiter

Studenten skal kunne 

  • finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar 

  • reflektere over ulike dimensjonar ved demokratiomgrepet og legge til rette for demokratisk praksis i skulen 

  • ta i bruk digitale ressursar i undervisninga på måtar som fremmar læring og refleksjon hos elevane 

  • bruke teoretisk kunnskap om fag og didaktikk til å reflektere over og vidareutvikle eigen undervisningspraksis  

  • legge til rette for læringsprosessar som ivaretek elevmangfaldet  

  • legge til rette for læringsprosessar som fremmar refleksjon rundt verdiar og motverkar diskriminering av minoritetar  

  • reflektere over samanhengar mellom ulike tema i emnet  

Generell kompetanse

Studenten skal kunne

  • reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål 

  • ha overblikk over periodar og utviklingsmønster, og gjere greie for korleis historie og kultur blir konstruert 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid, rettleiing. Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomført i e-læringsplattforma Canvas. Eksamen vert levert digitalt i Inspera. Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

For å få framstille seg for eksamen, må studenten:

  • lage ein undervisingsvideo på tre minutt, som skal kunne nyttast i eiga undervisning og som skal presenterast i lærarkollegiet. Ved levering som arbeidskrav skal videoen ha følgje av ein kort fagtekst på 900-1200 ord. Alternative løysingar er tilgjengelege for kandidatar som studerar på heiltid. Nærare detaljer om arbeidskravet vert gitt ved semesterstart. 
Sensorordning
Minimumstal: 
20
Maksimumstal: 
70
Emneansvarleg: 
Elisabeth Teige
Studieavgift

Kr 4.000,-

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Skuleretta samfunnsfag 1 - nettstudium m/avgift
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Alle hjelpemidler
2500-3000 ord
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
MGL5-10SA1A
5
Godkjent av: 
Randi Bergem 20.02.2020