Semestre
SRS101N Skuleretta samfunnsfag: Natur og samfunn i Noreg (nettbasert m/avgift)
Fullført lærarutdanning
SRS101N omfattar om lag like delar geografi, historie og samfunnskunnskap. Dette emnet inviterer til å lære og å forstå meir om samspelet mellom natur og samfunn, mellom menneske, mellom grupper og mellom samfunn. I historie vert fokus sett på mellomalder og byggjeskikk. I geografi er ressursar, geologi og landskap og demografi fokusområde. I samfunnskunnskap vert sosialisering, det fleirkulturelle samfunnet og økonomi og samfunn trekt fram. Didaktikk og trygghet i den faglege formidlinga av alle delar av samfunnsfaget står sentralt. Gjennom ulike tilnærmingsmåtar til læring får studenten høve til å vidareutvikle seg til ein dyktig lærar i samfunnsfag. Emnet inngår som ei eining i studieprogrammet Skuleretta samfunnsfag 1 N.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kunnskap om samfunnsfag som skulefag og nyare samfunnsfagdidaktikk
- kunnskap om historieforståing og historiebruk mellom barn og unge
- kunnskap om landskapsformene i dagens Noreg, og om korleis ein kan bruke slik kunnskap i opplæringa
- kunnskap om naturgrunnlaget, ressursar, næringsvegar, folkesetnad, busetnadsmønster og miljø
- kunnskap om dei historiske hovudtrekka i Noreg og verda frå den eldste busetnad til om lag 1800-talet
- kunnskap om økonomi, sosialisering og identitetsutvikling i barne- og ungdomsåra
- kunnskap om det fleirkulturelle samfunnet med særlig vekt på samikulturen
- kjennskap til sentrale samfunnsfaglege teoriar og metodar
- kjennskap til sentrale kjelder i faget og kritisk vurdering av desse
Studenten skal kunne
- arbeide sjølvstendig med faglege spørsmål og analysere faglege problemstillingar ut frå fakta og teorigrunnlaget i faget
- bruke faglege og fagdidaktiske kunnskapar og ferdigheiter i geografi, historie og samfunnskunnskap i samsvar med gjeldande læreplan og kritisk vurdere eiga undervising
- leie elevar i sjølvstendig arbeid innanfor rammene til faget
- bidra til å utvikle dei munnlege ferdigheitene til elevane gjennom øving i møtedeltaking, debattar og andre munnlege aktivitetar i faget
- bruke samfunnsfaglege kjelder og materiale i arbeidet med utvikling av dei grunnleggjande ferdigheitene til elevane
- bruke og vurdere digitale verktøy og kjelder i samfunnsfag og bidra til at elevane kan vere kritiske brukarar av digitale verktøy
- kritisk vurdere lærebøker og andre læremiddel til bruk i samfunnsfaget
Studenten skal kunne
- reflektere kritisk over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking
- forstå aktuelle samfunnsforhold i eit geografisk, historisk, politisk og sosiologisk perspektiv
- reflektere over eigen praksis
- finne fram til og ta i bruk oppdatert faglitteratur
- kombinere generell didaktikk og fagdidaktikk
Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, skriftlege arbeid, rettleiing. Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomført i e-læringsplattforma Canvas. Eksamen vert levert digitalt i Inspera. Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma.
For å få framstille seg for eksamen, må studenten:
- Skrive tre oppgåver kvar på 1 500 - 1 800 ord (ei i geografi, ei i historie og ei i samfunnskunnskap). Ein må halde seg innanfor denne ramma.
- Gjennomføre ei skriftleg prøve med godkjent resultat (vert gjennomført i Canvas).
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Kr 4.000,-
- Skuleretta samfunnsfag 1 - nettstudium m/avgift
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Ved sluttvurderinga vert ei av innleveringsoppgåvene (geografi, historie og samfunnskunnskap) trekt ut og vurdert. Det uttrekte arbeidet utgjer eksamen. | Sjå Vilkår for å framstille seg til eksamen. |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
HI 111 | 2 |