Semesters

SSA101 Introduksjon, samfunnsfagleg utforsking og kritisk tenking

Course code: 
SSA101
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2024 Autumn
Assessment semester: 
2024 Autumn
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Emnet byggjer på to av kjerneområda i læreplanen i samfunnsfag (SAF01-04): «Undring og utforsking» og «Samfunnskritisk tenking og samanhengar». Studiet skal gje ei grunnleggjande forståing for desse to kjerneområda og kompetansemåla i læreplanen som er relatert til desse. Kandidatane skal etter å ha gjennomført emnet ha forståing for faglege og didaktiske innfallsvinklar til samfunnsfagleg utforsking og kritisk tenking. I tillegg skal emnet gje ein overbyggjande introduksjon til studiet og til samfunnsfaget i grunnskulen. Emnet er også relevant for kjerneelementa "Undring og utforsking" og "Perspektivmangfald og samfunnskritisk tenking" i faget samfunnskunnskap for den vidaregåande skulen (SAK01-01). 

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Studenten

  • Har djupnekunnskap om undring og utforsking i geografi, historie og samfunnskunnskap
  • Har djupnekunnskap om utvalde tema i fagdidaktisk teori og forsking om samfunnsfag i skulen
  • Har djupnekunnskap om verdigrunnlaget og mandatet for skulen og skulen sin plass i samfunnet
  • Har djupnekunnskap om kritisk tenking
  • Kan forholde seg kritisk til undervisningsopplegg i samfunnsfag og samfunnskunnskap
Learning outcome skills

Studenten

  • Kan arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag for å fremme kritisk refleksjon og handlingskompetanse hos elevane
  • Kan finne, vurdere og tolke ulike typar kjelder og bruke dette i arbeidet med å utvikle elevane sin kritiske kompetanse og kreativitet
  • Kan planlegge, leie og vurdere læringsarbeidet for å oppøve elevane si kritiske tenking
  • Kan bruke og vurdere ulike arbeidsmåtar som stimulerer elevane si undring og utforsking
Learning outcome qualification

Studenten

  • Kan legge til rette for at elevane kan reflektere over samfunnsfaglege spørsmål og stimulere til kritisk tenking 
  • Kan legge til rette for at elevane oppøvar evne til samfunnsfagleg undring og utforsking
  • Kan bidra til endringsprosessar og samfunnsfagleg nytenking i skulen
Working and learning activities

Studiet er eit nettstudium. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, studieleksjonar, arbeid med digitale verktøy, skriftlege arbeid og rettleiing.

Alle leksjonar, diskusjonar, rettleiingar og innleveringar vert gjennomførte i e-læringsplattforma Canvas.

Eksamen vert levert digitalt i Inspera – Høgskulen i Volda sitt system for digital vurdering.

Det er ein føresetnad at studentane nyttar Canvas kontinuerleg, og aktivt tek del i dei læringsprosessane som det vert lagt opp til i plattforma

Assessment requirements

Frammøtekrav: Ingen

 

Arbeidskrav:

Ingen obligatoriske, men det vil bli gitt høve til å arbeide med eksamensførebuande oppgåver.

Evaluation system
Maximum number of students: 
150
Person in charge: 
Ådne Meling
Used in other programs
  • Social Studies
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Home exam
Individual
5 Hours
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
100
Ubegrensa