Semestre

TOD104 Forteljing og formidling

Emnekode: 
TOD104
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet er eit introduksjonsemne til arbeid med munnleg formidling og forteljarkunst, som legg vekt på at studenten skal prøve ut og utvikle seg i både den handverkmessige og teoretiske siden av faget.

Studentane vil jobbe med:

  • Kommunikasjon og presentasjonsteknikk. 
  • Kroppsspråk og fysisk formidling.
  • Retorikk og stemmebruk.
  • Forteljarkunst og munnleg formidling.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om kommunikasjon, kroppsspråk, stemmebruk, retorikk og forteljartradisjonar.
  • har kunnskap om utvalde forteljarsjangerar.
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nyttegjere seg forteljarfaglege teknikkar og uttrykksformer i ulike framføringar.
  • kan omarbeide ulike typer tekstar med tanke på munnleg formidling i ulike situasjonar.
  • meistrer teknikkar for å lære seg ei forteljing.
Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over eigne munnlege framføringar.
  • kan arbeide sjølvstendig og produksjonsretta.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av seminar, workshops, praktiske øvingar, framsyningar, gruppearbeid og førelesingar. Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum, og vi vil ha gjestelærarar i ulike forteljartradisjonar, som t.d. tegneseriemime, Dario Fos fysiske teater eller Stand Up.

  • Studenten må delta på 1-2 framsyningar, til eigen kostnad.
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • Emnet forutset aktiv deltaking og engasjement, og all undervisning er obligatorisk. For å kunne ta eksamen må studenten ha eit godkjent oppmøte på minimum 80%

Vi viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.

Arbeidskrav:

  • Utvikling, gjennomføring og evaluering av eit formidlingsprosjekt.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap.5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimumstal: 
8
Maksimumstal: 
30
Emneansvarleg: 
Hege Holmqvist Synnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Forteljing og teaterproduksjon
  • Teater og drama - årsstudium
  • Teater og drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
7 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Ei scenisk framsyning i forteljing med etterfølgjande samtale knytt til teori.
Eigne notater under munnleg samtale.
Godkjent av: 
Gunn Marit Lid