Semestre

TOD104 Forteljing og formidling

Emnekode: 
TOD104
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Vår
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet er eit introduksjonsemne til arbeid med munnleg formidling og forteljarkunst, som legg vekt på at studenten skal prøve ut og utvikle seg i den handverkmessige og kunstnarlege siden av faget.

Studentane vil jobbe med:

  • Kommunikasjon og stemmebruk. 
  • Retorikk og kroppsspråk.
  • Fysisk formidling og tegneseriemimé.
  • Forteljarkunst og munnleg formidling.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om kommunikasjon, kroppsspråk, stemmebruk og retorikk. 
  • har kunnskap om utvalde forteljarsjangerar og forteljartradisjonar.
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nyttegjere seg forteljarfaglege teknikkar og uttrykksformer i ulike framføringar.
  • kan omarbeide ulike typer tekstar med tanke på munnleg formidling i ulike situasjonar.
  • meistrer teknikkar for å lære seg ei forteljing.
Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over eigne munnlege framføringar.
  • kan arbeide sjølvstendig og produksjonsretta.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar og verkstadar
  • førelesingar
  • praktisk undervisning 
  • framsyningar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid

Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum.
Emnet inneheld 1-2 framsyningar, til eigen kostnad.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
    Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

Arbeidskrav:

  • Utvikling og gjennomføring av eit formidlingsprosjekt, induviduelt eller i gruppe, med eit skriftleg refleksjonsnotat knytt til formidlingsprosjektet.
  • Ei godkjend framsyning på Husteater, knytt til fysisk formidling.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap.5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. 

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
22
Emneansvarleg: 
Hege Holmqvist Synnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelor i Media, IKT og design
  • Forteljing og teaterproduksjon
  • PR, kommunikasjon og media - bachelor
  • Teater og drama - årsstudium
  • Teater og drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
2 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Ei scenisk framsyning i forteljing med etterfølgjande samtale knytt til teori.
Eigne notater under munnleg samtale.
10 minutter individuell forteljing
40 minutter gruppesamtale
Godkjent av: 
Aud Folkestad