Semestre

TOD108 Teaterproduksjon 4: Anvendt teater

Emnekode: 
TOD108
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Theatre production 4: Applied theatre
Emnenavn på bokmål: 
Teaterproduksjon 4: Anvendt teater
Eksamenssemester: 
2023 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

60stp i teater og dramafag.

Om emnet

Anvendt teater gir kompetanse i korleis teater kan nyttast i arbeid med llivskvalitet (wellbeing), livsmeistring og folkehelse. 
Emnet inneheld eit kunstfagleg samarbeidsprosjekt mellom ei gruppe studentar og ein valt samfunnsarena (t.d. eldresenter, kultursenter, sjukehus, universitet/høgskule, skule, barnehage osb.).
Studentane skal utvikle ein grunnleggjande fasilitatorkompetanse, med tanke på leiing av anvendte teaterprosjekt i samfunnet.
Studentane skal lære om m.a.:

  • Anvendt teater
  • Utvikling av anvendte teaterprosjekt
  • Utvikling av forpliktande samarbeid
  • Facilitatorrolla
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har grunnleggjande kunnskap om anvendt teater
  • har grunnleggjande kunnskap om lederrollen i anvendt teater 
  • har kunnskap om korleis drama og teater kan anvendas for å oppnå eit spesifikt mål. 
Ferdigheiter

Studenten

  • kan planlegge, gjennomføre og vurdere prosjekt i anvendt teater, i samarbeid med utvalde gruppar i samfunnet
  • kan kombinere form og innhald på ein kunstnarleg medviten måte
  • kan reflektere over eiga fagleg utøving
Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere over sentrale val i produksjonsprosessen og grunngje desse i lys av teori og praksis
  • har innsikt i relevante faglege, og yrkesetiske problemstillingar 
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • førelesningar
  • individuelt arbeid
  • seminar og verkstader
  • gruppearbeid
Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
    Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Arbeidskrav:

  • Eit godkjend arbeid knyt til teori 
  • Eit godkjend arbeid knyt til praksisarbeidet med målgruppa. 

Alle arbeidskrav har to forsøk. 

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Minimumstal: 
4
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Wenche Torrissen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Teater og drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell eller gruppe (etter avtale)
1 veke
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Ei akademisk oppgåve
Alle
2500 ord (+/- 10%)
Praktisk eksamen
Gruppe
4-6 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Eksamen skal gjennomførast i samarbeid med ei målgruppe, og er eit teaterprosjekt for/med denne målgruppa.
60 til 90 minutter
Godkjent av: 
Unni Hagen