Semestre
TOD108 Teaterproduksjon 4: Anvendt teater
60stp i teater og dramafag.
Anvendt teater gir kompetanse i korleis teater kan nyttast i arbeid med llivskvalitet (wellbeing), livsmeistring og folkehelse.
Emnet inneheld eit kunstfagleg samarbeidsprosjekt mellom ei gruppe studentar og ein valt samfunnsarena (t.d. eldresenter, kultursenter, sjukehus, universitet/høgskule, skule, barnehage osb.).
Studentane skal utvikle ein grunnleggjande fasilitatorkompetanse, med tanke på leiing av anvendte teaterprosjekt i samfunnet.
Studentane skal lære om m.a.:
- Anvendt teater
- Utvikling av anvendte teaterprosjekt
- Utvikling av forpliktande samarbeid
- Facilitatorrolla
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har grunnleggjande kunnskap om anvendt teater
- har grunnleggjande kunnskap om lederrollen i anvendt teater
- har kunnskap om korleis drama og teater kan anvendas for å oppnå eit spesifikt mål.
Studenten
- kan planlegge, gjennomføre og vurdere prosjekt i anvendt teater, i samarbeid med utvalde gruppar i samfunnet
- kan kombinere form og innhald på ein kunstnarleg medviten måte
- kan reflektere over eiga fagleg utøving
Studenten
- kan reflektere over sentrale val i produksjonsprosessen og grunngje desse i lys av teori og praksis
- har innsikt i relevante faglege, og yrkesetiske problemstillingar
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- førelesningar
- individuelt arbeid
- seminar og verkstader
- gruppearbeid
Frammøtekrav:
- All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav:
- Eit godkjend arbeid knyt til teori
- Eit godkjend arbeid knyt til praksisarbeidet med målgruppa.
Alle arbeidskrav har to forsøk.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- Teater og drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell eller gruppe (etter avtale) | 1 veke | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Ei akademisk oppgåve | Alle | 2500 ord (+/- 10%) |
Praktisk eksamen | Gruppe | 4-6 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Eksamen skal gjennomførast i samarbeid med ei målgruppe, og er eit teaterprosjekt for/med denne målgruppa. | 60 til 90 minutter |