Semestre
TOD108 Teater og helse: Anvendt teater
60stp i teater og dramafag, med minimum 30stp i teaterproduksjon.
Teater og helse gir kompetanse i korleis teater kan nyttast i arbeid med livsmeistring og folkehelse.
Emnet inneheld eit kunstfagleg samarbeidsprosjekt mellom ei gruppe studentar og ein valt samfunnsarena (t.d. eldresenter, kultursenter, sjukehus, skole, barnehage osb.). Studentane skal utvikle ein grunnleggjande fasilitatorkompetanse, med tanke på leiing av anvendte teaterprosjekt i samfunnet.
Studentane skal lære om m.a.:
- Anvendt teater
- Samenhengane mellom teater og helse
- Kunstfagleg utviklingsarbeid
- Utvikling av forpliktande samarbeid
- Facilitatorrolla
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
har grunnlaggjande kunnskap om anvendt teater
har basiskunnskap om samarbeidsprosessar, og korleis teaterprosessar kan gjennomførast på brukarane sine premiss
har kunnskap om korleis drama og teater kan anvendas i helsearbeid
Studenten
kan planlegge, gjennomføre og vurdere utviklingsprosjekt i anvendt teater, i samarbeid med utvalde instansar i samfunnet
kan kombinere form og innhald på ein kunstnarleg medviten måte, og formidle innan ei valt helsekontekst
kan reflektere over eiga fagleg utøving
Studenten
kan reflektere over sentrale val i produksjonsprosessen og grunngje desse i lys av teori og praksis
har innsikt i relevante faglege, og yrkesetiske problemstillingar
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og verkstader
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
Frammøtekrav:
- All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Arbeidskrav:
- Eit godkjend arbeid knyt til teori
- Eit godkjend arbeid knyt til praksisarbeidet med målgruppa.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Teater og drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 veke | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Ei refleksjonsoppgåve, der evaluering av teaterprosjektet skal drøftast opp mot teori. | Alle | 1500-2000 ord. |
Praktisk eksamen | Gruppe | 4-6 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Eksamen skal gjennomførast i samarbeid med ei samfunnsarena utanfor studiestaden, og er eit teaterprosjekt for/med aktørar på den valde arenaen. | 30 til 90 minutter |