Semestre
TOD108 Teater og helse: Anvendt teater
60stp i teater og dramafag, med minimum 45stp i teaterproduksjon.
Teater og helse gir kompetanse i korleis teater kan nyttast på ei systematisk måte i helse- og omsorgsfagleg arbeid, og kva for effektar dette kan gje.
Emnet inneheld eit kunstfagleg samarbeidsprosjekt mellom ei gruppe studentar og ein valt samfunnsarena (t.d. eldresenter, kultursenter, sjukehus, barnehage osb.).
Studentane skal utvikle ei grunnleggjande fasilitatorkompetanse, med tanke på leiing av anvendte teaterprosjekt i samfunnet.
Studentane skal lære om m.a.:
- Kunstfagleg forsking og utviklingsarbeid.
- Utvikling av forpliktande samarbeid.
- Forum teater.
- Devised teaterprosessar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
har kunnskap om anvendt teater som kunstpedagogisk filosofi og felt.
har kunnskap om samarbeidsprosessar, og korleis teaterprosessar kan gjennomførast på brukarane sine premiss.
har kunnskap om den systematiske bruken av teaterproduksjonsprosessen i ei helsekontekst i Noreg og Europa.
Studenten
kan demonstrere skodespelkompetanse, og meistre uttrykksformane til fagområdet.
kan planlegge, gjennomføre og vurdere utviklingsprosjekt i anvendt teater, i samarbeid med instansar i samfunnet.
kan kombinere form og innhald på ei kunstnarleg medviten måte, og formidle innan ei valt helsekontekst.
Studenten
kan reflektere over sentrale val i produksjonsprosessen og grunngje desse i lys av teori og praksis.
har innsikt i relevante faglege, og yrkesetiske problemstillingar innan anvendt teater.
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og verkstadar
- førelesingar
- praktisk undervisning
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum.
Frammøtekrav:
- All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Arbeidskrav:
- Ei godkjend gruppeframsyning i Forum teater.
- Ei godkjend midveis vurdering av det kunstneriske utviklingsarbeidet.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
- Teater og drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Rapport | Individuell | 1 veke | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 30 | Ei refleksjonsoppgåve, der evaluering av teaterprosjektet skal drøftast opp mot teori. | Alle | 2500 ord. |
Praktisk eksamen | Gruppe | 4-6 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 70 | Eksamen skal gjennomførast i samarbeid med ei samfunnsarena utanfor studiestaden, og er eit teaterprosjekt for/med aktørar på den valde arenaen. | 30 til 90 minutter |