Semestre
TOD202 Teaterproduksjon 6: Teater for barn
Emnekode:
TOD202
Varighet:
1 semester
Studiepoeng:
15
Studienivå:
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester:
2024 Haust
Eksamenssemester:
2024 Haust
Undervisningsspråk:
Norsk
Krav til forkunnskapar
60stp i drama og teaterfag.
Om emnet
Teaterproduksjon 6 fordjupar seg i teater for barn, og vil fokusere på korleis ein nyttar scenekunstnarlege verkemiddel på ein måte som engasjerer barn i ulike aldrar. Emnet nyttar teaterproduksjon som læringsmodell, og studentane vil produsere teaterframsyningar for barn i alderen 0-18 år.
Studentane vil jobbe med:
- Teoriar og forsking om barn si utvikling, og verdien av barnekulturen i samfunnet
- Analyse av barnekulturelle uttrykk
- Scenekunstnarlege verkemiddel i arbeid med teaterproduksjon for barn
- Iscenesettje ein teaterproduksjon for ei spesifikk målgruppe
Læringsutbytte
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kunnskapar
Studenten
- har kunnskap om barneteateret sin funksjon i eit historisk perspektiv
- har kunnskap om teaterproduksjon med forskings- og målgruppearbeid, retta spesielt mot barn
- har kunnskap om korleis utvikle teater som set eit spesielt fokus barn i dagens samfunn
Ferdigheiter
Studenten
- kan nytte scenekunstarlege verkemiddel og skape ei teaterframsyning som kan kommunisere med eit ungt publikum
- kan nyttiggjere seg fagkunnskap til å iscenesette teaterframsyningar for barn som relaterer seg til aktuelle barnekulturelle tema og samanhengar
- kan analysere, tolke og vurdere kunst- og kulturuttrykk for barn
Generell kompetanse
Studenten
- kan reflektere skriftleg og munnleg over den skapande prosessen og scenekunst for barn
- kan reflektere over etiske utfordringar i arbeid med barneteater
Praktisk organisering og arbeidsmåtar
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, digitalt, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og verkstader
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
Vilkår for å framstille seg til eksamen
Frammøtekrav:
- All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav:
- Eit munnleg-kunstnarleg framlegg i gruppe
- Ei skriftleg oppgåve i barneteateranalyse
Sensorordning
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
Evaluering og kvalitetssikring
Minimumstal:
5
Maksimumstal:
20
Emneansvarleg:
Vibeke Preus
Materialavgift
Emnet inngår i følgande studieprogram
- Teater og drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individuell eller gruppe (etter avtale) | 4 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Ei barneteaterframsyning for eit barnepublikum, medstudentar, emneansvarleg og sensor, med individuell karakter. | Alle | 60-90 minutt. |
Oppgave | Individuell | 1 veke | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Ei individuell heimeoppgåve knytt til teori om barneteater og refleksjonar kring framsyninga. | 3000-3500 ord. |
Godkjent av:
Unni Hagen