Semestre

TOD202 Teaterproduksjon 4: Teater for barn

Emnekode: 
TOD202
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
TOD101 Teaterproduksjon 1: Ensemblebygging
TOD102 Teaterkunnskap
TOD103 Teaterproduksjon 2: Frå realismen til modernismen
TOD201 Teaterproduksjon 5: Samtidsteater
Om emnet

Teaterproduksjon 4 fordjupar seg i teaterproduksjon for barn, og vil fokusere på korleis ein nyttar stemme, kropp og estetiske verkemiddel på ein måte som engasjerer barn i ulike aldrar. Emnet nyttar teaterproduksjon som læringsmodell, og studentane vil produsere teaterframsyningar for barn i alderen 0-13 år.
Studentane vil jobbe med:

  • Teoriar og forsking om barn si utvikling, og verdien av leiken for barn
  • Analyse av barnekulturelle uttrykk
  • Dramaturgiske val og estetiske verkemiddel i arbeid med teaterproduksjon for barn
  • Iscenesettje ein teaterproduksjon for ei spesifikk målgruppe
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har kunnskap om sentrale retningar innan produksjon av teater og kultur for barn
  • har kunnskap om teaterproduksjon med forskings- og målgruppearbeid, retta spesielt mot barn
  • har kunnskap om korleis utvikle teater som set eit spesielt fokus på kvardagen til barn i dagens samfunn
Ferdigheiter

Studenten

  • kan nytte estetiske verkemiddel og skape ei teaterframsyning som kan kommunisere med eit ungt publikum
  • kan nyttiggjere seg fagkunnskap til å iscenesette teaterframsyningar for barn som relaterer seg til aktuelle barnekulturelle tema og samanhengar
  • kan analysere, tolke og vurdere ulike kunst- og kulturuttrykk for barn
Generell kompetanse

Studenten

  • kan reflektere skriftleg og munnleg over den skapande prosessen og produktet
  • kan reflektere over etiske utfordringar i arbeid med barneteater
     
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:

  • seminar og verkstader
  • framsyningar
  • gruppearbeid
  • individuelt arbeid

Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum.

Emnet inneheld ei vekes studiereise med fokus på å oppleve teaterarbeid for og med barn, til eigen kostnad. 

  • Alternativt opplegg vert tilbydd etter søknad.

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

  • All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
    Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. 

Arbeidskrav:

  • Ei godkjende gruppeframsyning på Husteater.
  • Ei skrifteleg oppgåve på omlag 2000 ord

 

Sensorordning
Minimumstal: 
4
Maksimumstal: 
15
Emneansvarleg: 
Hege Holmqvist Synnes
Materialavgift

Det vert lånt ut klassesett med manus. Manglande innlvering gjer ei avgift på 200,- per stk.

 

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Teater og drama - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
5 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Barneteaterframsyning for eit barnepublikum, medstudentar, emneansvarleg og sensor, med gruppekarakter.
30-75 minutt.
Oppgave
Individuell
1 veke
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
50
Digital eksamen. Ein individuell oppgåve knytt til teori om barneteater og refleksjonar kring eige arbeid.
2000-2500 ord.
Godkjent av: 
Unni Hagen