Semestre
TOD202 Teaterproduksjon 4: Teater for barn
Teaterproduksjon 4 fordjupar seg i teaterproduksjon for barn, og vil fokusere på korleis ein nyttar stemme, kropp og estetiske verkemiddel på ein måte som engasjerer barn i ulike aldrar. Emnet nyttar teaterproduksjon som læringsmodell, og studentane vil produsere teaterframsyningar for barn i alderen 0-13 år.
Studentane vil jobbe med:
- Teoriar og forsking om barn si utvikling, og verdien av leiken for barn.
- Analyse av barnekulturelle uttrykk, og barneteaterframsyningar.
- Fordjuping i stemmebruk, fysisk kroppsspråk og samspel.
- Dramaturgiske val og estetiske verkemiddel i arbeid med teaterproduksjon for barn.
- Utvikle ein teaterproduksjon, med ei gruppe barn som referansegruppe gjennom arbeidet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har kunnskap om sentrale retningar innan produksjon av teater og kultur for barn.
- har kunnskap om teaterproduksjon med forskings- og målgruppearbeid, retta spesielt mot barn.
- har kunnskap om korleis utvikle teater som setter eit spesielt fokus på kvardagen til barn i dagens samfunn.
Studenten
- kan nytte estetiske verkemiddel og skape ei teaterframsyning som kan kommunisere med eit ungt publikum.
- kan nyttiggjere seg fagkunnskap til å iscenesette teaterframsyningar for barn som relaterer seg til aktuelle barnekulturelle tema og samanhengar.
- kan analysere, tolke og vurdere ulike kunst- og kulturuttrykk for barn.
Studenten
- kan reflektere skriftleg og munnleg over den skapande prosessen og produktet.
- kan reflektere over etiske utfordringar i arbeid med barneteater.
Undervisninga er eit samspel mellom teoretisk, praktisk og sjølvstendig arbeid, og er samansett av:
- seminar og verkstadar
- førelesingar
- praktisk undervisning
- framsyningar
- gruppearbeid
- individuelt arbeid
Det vil arrangerast obligatoriske visningar, såkalla Husteater, for eit ope publikum, i tillegg til studentdrivne morgontreningar.
Emnet inneheld ei vekes studiereise med fokus på å oppleve teaterarbeid for og med barn, samt 1-2 teaterframsyningar, til eigen kostnad.
- Alternativt opplegg vert tilbydd etter søknad.
Frammøtekrav:
- All undervisning er obligatorisk, og oppmøtet må vere av ei aktiv deltakande art.
Viser til Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Arbeidskrav:
- Eit munnleg performativt foredrag i gruppe, om barnekultur, på om lag 30 minutt. Oppgåva vert gitt av emneansvarleg og leggjast fram for medstudentar og faglærar, saman med ei skriftleg refleksjonsoppgåve på 1000-1500 ord
- Ei godkjent gruppeframsyning på Husteater.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)
Det vert lånt ut klassesett med manus. Manglande innlvering gjer ei avgift på 200,- per stk.
- Teater og drama - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individuell eller gruppe (etter avtale) | 5 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 60 | Barneteaterframsyning for eit barnepublikum, medstudentar, emneansvarleg og sensor, med gruppekarakter. | 30-60 minutt. | |
Rapport | Individuell | 4 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 40 | Digital eksamen. Ein individuell produksjonsrapport, basert på den kunstnarlege framsyninga. | 2000-2500 ord. |