Semestre
UJ201 Undersøkande journalistikk
JOU111 Journalistikk 1 - Kva er journalistikk?
JOU112 Journalistikk 2 - Kjeldearbeid og formidling
I tillegg må studenten ha bestått enten JOR111 Praksis i radio eller JOT111 Praksis i TV eller JON111 Praksis i nettavis.
Emnet skal bidra til auka kvalitet i journalistisk produksjon der studentane skal oppnå solid kompetanse og ein anvendt, refleksiv kunnskap om den journalistiske arbeidsprosessen. Viktige element i emnet er utvikling av idear og hypoteser, metodiske val og systematikk i eigen research. Andre viktige område er val og bruk av ulike typar kjelder og kjeldemateriale, etiske dilemma og kjeldekritisk analyse knytt til ulike former for journalistiske undersøkingar og metodeval.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten:
- har oversikt og innsikt i journalistisk metode
- har analytisk kunnskap om etikk, kjeldekritikk og rekonstruksjon i den journalistiske arbeidsprosessen
- har kjennskap til mediekritiske innvendingar mot metoder og etiske/kjeldekritiske val som kan bli praktiserte innanfor ramma av ”journalistisk undersøkelse og produksjon”
Studenten:
- kan bruke metodar, teknikkar og strategiar for å finne idear, nyheiter eller saker som til dels er skjult, til dels vanskeleg tilgjengeleg eller ”oversett” i dagens mediebilde
- kan utvikle, planlegge og gjennomføre eigne prosjekt ved bruk av intervju, observasjon og skriftleg kjeldemateriale
- kan finne, forstå og bruke statistikk
- kan bruke offentleglova og andre lover og reglar, som gir innsynsrett og tilgang til sentrale skriftlege kjelder
- kan produsere reportasjar og lage skriftlege, analytiske metoderapportar knytt til disse
Studenten:
- har kompetanse og kunnskap om den journalistiske arbeidsprosessen: utvikling av idé og hypotesar, metodiske val og systematikk i eigen research
Forelesingar og studentaktive læringsformer som til dømes seminar og verkstadar. Studentane kan jobbe med prosjekta sine i det interne redaksjonsmiljøet. Det blir lagt vekt på at studentane arbeider sjølvstendig med faglege problemstillingar knytt til både eigne prosjekt og felles undervising.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning i emnet med minimum 80 prosent deltaking.
Arbeidskrav:
- gjennomføring av journalistisk(e) prosjekt
- rapport om eige prosjektarbeid
- emneevaluering
Arbeidskrava er obligatoriske og må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.
Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:
- tal arbeidskrav
- organisering
- omfang
- frist
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Journalistikk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |
Emne som gir reduksjon | Grad av overlapp | Vektingsreduksjon |
---|---|---|
MMP303 Investigative Journalism | 10 | |
DJM302 Undersøkende journalistikk | 10 |
a) Et fullført journalistisk eksamensprosjekt (ett større eller 2 mindre journalistiske produkt).
b) En metodeoppgave der arbeidet skal presenteres og der sentrale metodiske, etiske og kildekritiske dilemmaer og valg skal analyseres. Refleksjonen skal knyttes til pensumtekster.