Semestre

UJ201 Undersøkande journalistikk

Emnekode: 
UJ201
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

JOU111 Journalistikk 1 - Kva er journalistikk og JOU112 Journalistikk 2 - Kjeldearbeid og formidling. I tillegg må studenten ha bestått enten JOR111 Praksis i radio eller JOT111 Praksis i TV eller JON111 Praksis i nettavis. 

Om emnet

Emnet skal bidra til auka kvalitet i journalistisk produksjon der studentane skal oppnå solid kompetanse og ein anvendt, refleksiv kunnskap om den journalistiske arbeidsprosessen. Viktige element i emnet er utvikling av idear og hypoteser, metodiske val og systematikk i eigen research. Andre viktige område er val og bruk av ulike typar kjelder og kjeldemateriale, etiske dilemmaog kjeldekritisk analyse knytt til ulike former for journalistiske undersøkingar og metodeval. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • oversikt og innsikt i journalistisk metode

  • analytisk kunnskap om etikk, kjeldekritikk og rekonstruksjon i den journalistiske arbeidsprosessen

  • kjennskap til mediekritiske innvendingar mot metoder og etiske/kjeldekritiske val som kan bli praktiserte innanfor ramma av ”journalistisk undersøkelse og produksjon”.

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • bruke metodar, teknikkar og strategiar for å finne idear, nyheiter eller saker som til dels er skjult, til dels vanskeleg tilgjengeleg eller ”oversett” i dagens mediebilde

  • utvikle, planlegge og gjennomføre eigne prosjekt ved bruk av intervju, observasjon og skriftleg kjeldemateriale

  • finne, forstå og bruke statistikk på ein adekvat måte

  • bruke offentleglova og andre lover og reglar, som gir innsynsrett og tilgang til sentrale skriftlege kjelder

  • produsere reportasjar og lage skriftlege, analytiske metoderapportar knytt til disse

Generell kompetanse

Studenten skal ha

  • kompetanse og kunnskap om den journalistiske arbeidsprosessen: Utvikling av idé og hypotesar, metodiske val og systematikk i eigen research

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisinga skjer i form av forelesingar/seminar og arbeidsverkstader. Undervisinga vil integrere journalistisk teori, analyse og praksis. Studentane kan jobbe med sine prosjekt i det interne redakjsonsmiljøet. Det blir lagt vekt på at studentane arbeider sjølvstendig med kurset sine faglege problemstillingar, knytt til både eigne prosjekt og eit felles undervisingsopplegg.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning i emnet med minimum 80 prosent deltaking.

Arbeidskrav:

Studenten skal jobbe med eitt større eller to-tre mindre journalistiske prosjekt med fristar for
 a) idé og plan seinast to veker etter at emnet startar (gjennom denne godkjenninga blir omfanget av kvar enkelt student sitt eksamensarbeid avklara). 
 b) levere inn to rapportar om eige prosjektarbeid i perioden (minimum 1500 ord per rapport)
 

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Hans Martin Dypvik
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Mappa skal inneholde
a) Et fullført journalistisk eksamensprosjekt (ett større eller 2 mindre journalistiske produkt).
b) En metodeoppgave der arbeidet skal presenteres og der sentrale metodiske, etiske og kildekritiske dilemmaer og valg skal analyseres. Refleksjonen skal knyttes til pensumtekster.
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
MMP303 Investigative Journalism
10
DJM302 Undersøkende journalistikk
10
Godkjent av: 
Kate Kartveit