Semestre

UJ201 Undersøkande journalistikk

Emnekode: 
UJ201
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
10
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2026 Vår
Eksamenssemester: 
2026 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

JOU111 Journalistikk 1 - Kva er journalistikk?
JOU112 Journalistikk 2 - Kjeldearbeid og formidling
I tillegg må studenten ha bestått enten JOR111 Praksis i radio eller JOT111 Praksis i TV eller JON111 Praksis i nettavis.

Om emnet

Dette emnet har som mål å forbetre studentane sitt journalistiske arbeid ved å gi dei solid kompetanse og ei praktisk forståing av den journalistiske prosessen. Studentane vil lære å utvikle idear og hypotesar, ta metodiske val og arbeide systematisk med eiga research. Emnet vil òg fokusere på viktige tema som val og bruk av ulike typar kjelder og kjeldemateriale, samt handtering av etiske dilemma. Kritisk kjeldeanalyse vil vere ein sentral del av undervisninga, der studentane får innsikt i korleis dei kan bruke ulike undersøkingsmetodar i journalistikken.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har:

  • oversikt og innsikt i journalistisk metode
  • analytisk kunnskap om etikk og kjeldekritikk i den journalistiske arbeidsprosessen
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • bruke metodar, teknikkar og strategiar for å finne idear, nyheiter eller saker som til dels er skjult innan den gravande- og undersøkande sjangeren.  
  • utvikle, planlegge og gjennomføre eigne undersøkande prosjekt ved bruk av intervju, observasjon og skriftleg kjeldemateriale
  • produsere reportasjar og lage skriftlege, analytiske metoderapportar knytt til disse 
Generell kompetanse

Studenten har:

  • kompetanse og kunnskap om den journalistiske arbeidsprosessen, inkludert idéutvikling, utforming av hypotesar, metodiske val og systematisk arbeid med eigen research.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Forelesingar og studentaktive læringsformer som til dømes seminar og verkstadar. Studentane kan jobbe med prosjekta sine i det interne redaksjonsmiljøet. Det blir lagt vekt på at studentane arbeider sjølvstendig med faglege problemstillingar knytt til både eigne prosjekt og felles undervising.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning i emnet med minimum 80 prosent deltaking.

Arbeidskrav:

  1. Gjennomføring av journalistisk(e) prosjekt
  2. Rapport om eige prosjektarbeid
  3. Evaluering av emnet

Arbeidskrava er obligatoriske og må vere godkjente for å kunne gå opp til eksamen.
Følgjande informasjon blir tilgjengeleggjort skriftleg i Høgskulens læringsplattform Canvas ved oppstart av emnet:

  • organisering
  • omfang
  • frist
Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
20
Emneansvarleg: 
Hans Martin Dypvik
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Journalistikk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Mappa skal innehalde
a) Fullført journalistisk prosjekt
b) Metoderapport med refleksjonsnotat
Metoderapport ca 5000 ord
Emne som gir reduksjonGrad av overlappVektingsreduksjon
MMP303 Investigative Journalism
10
DJM302 Undersøkende journalistikk
10
Godkjent av: 
Kate Kartveit